Vedlikeholdskurs


Har du tidlegare vore innom kurs eller opphold for vektreduksjon hos meg eller andre stader i regionen? Opplever du kvardagen litt på nytt som stressande? Finn du det vanskeleg og utfordrande å holde på dei gode rutinene som du ein gong hadde?



Fortvil ikkje! Dette er pakken for deg som: 

  • Treng auka motivasjon til å halde fram med dine livsstilsendringar.
  • Treng å møte ein gjeng menneske som føler på mykje det same som du. Dette kan vere menneske som har delteke på kurs for vektnedgang/livsstilsendring for fleire år tilbake, eller "fersk" deltaker som treng mi støtte endå litt til. 
  • Kanskje har du endra livsstil ved andre kurs i regionen eller på eiga hand, og treng å møte til oppfølging, kroppsanalyse, måleband og motivasjon litt nærare der du bur? 

Som kursdeltakar får du:

  • Vekt og kroppsanalyser kvar kursøkt.
  • Jamnlege midjemål.
  • Di vedlikeholdsmappe
  • Jamnlege innsjekk i høve dine delmål til hovudmål
  • Relevante tema til diskusjon
  • Støtte og samhold frå gruppe - "Sterkare saman!"
  • Tilgang til lukka gruppe på Facebook; Kundar til Nupen KostogHelse.
  • Tilgang til lukka gruppe på Facebook; Vedlikeholdsgruppe.

Elles praktisk informasjon:

  1. 10 stk kursøkter på 60 min. Kursdagane er ONSDAGAR og kl. 20:00 - 21:00.
  2. Start: 25. august -21. Vidare: 29. september, 27. oktober, 24. november, 15. desember, 26. januar, 23. februar, 30. mars, 27. april og 25. mai 2022.
  3. Pris: Kr. 4400,-
  4. For andre spørsmål eller ditt ønskje om påmelding --> Gå til fanen "KONTAKT" i menylinja --> Fyll inn namn, din epost og beskjed. Trykk "submit" og din epost er sendt!