Kva treng du hjelp til?

Livsstilspakken

Treng du å gjere noko med korleis du lever? Du er kanskje usikker på kor du skal starte - og kva vanar du treng å endre på? Ofte kan fleire små endringar over tid gjere deg kjempegodt!

Oppstartssamtale 60 min m/ første kroppsanalysen og måleband. Vidare;

- Totalt 20 stk konsultasjonar mellom deg og meg

- Vektmåling ved kvar konsultasjon

- Måleband buk og hofte kvar 2. konsultasjon

- Kroppsanalyse ved 10. konsultasjon og 20. konsultasjon (totalt 3 stk)

- Fokus på ditt eller dine framtidsmål og kva åtferdsmål som må til for at DU skal meistre å kome dit!

- Kosthold, ernæring, fysisk aktivitet, søvn, stress og planlegging vil stå i fokus

Oppstart: Når du er klar!

Pris: 7980,-

.

Ernæringsterapi

Kjenner du på ubehag i kroppen som kan variere i smertegrad, type smerte og lokasjon i kroppen?

Dersom du kjenner på ubehag i kroppen som kan slå seg av og på som ein brytar, så kan vitamin- og mineralmangel vere blant årsakene. Ei bevisstgjering rundt kosthold og livsstil er essensielt.

"Dei smarte vala i kvardagen":

Oppstartssamtale 60 min.; Samtale. Bruk av skjema for ernæringsterapi. Kroppsanalyse (veging).

2 oppfølgingssamtalar 45 min.

2 stk. kroppsanalyser à 15 min.

Du og eg legg framdriftsplanen i lag, om det seg vere for få månader opptil 1 år frå startdato.

Oppstart: Når du er klar!

Pris: Kr. 2590,-


Kostholdsrettleiing

Ønskjer du å få tips og råd om matinntaket ditt, måltidsrytma og matvarevalg?

Med utgangspunkt i basalforbrenninga di, kvardagsaktivitet og fysisk aktivitet og det du et; di matdagbok, så kan eg korrigere deg mot smartare byggeklossar. Du vil få "Kosthold for ein dag" tilsendt til din e-post.

Pris: Kr 990,-

Oppfølging:

30 min. kr.: 399,-

60 min. kr.: 750,-


Matintoleransetest

"96 matvarer standard panel IgA/IgG":

Vi er alle ulike, og for deg kan ei eller fleire matvarer vere medvirkande årsak til dine helseproblem. Denne testen (kapillærprøve, blodkort) gir svar på 2 antistoff; IgG og IgA. Med eit testresultat treng du ikkje tvile og lure - her får du svar og motivasjon!

Pris: Kr 3700,-

Oppfølging v/ behov à 30 min.: Kr. 399,-

Vidare er det høve for å sjekke 144 matvarer, panel for 144 vegetariske matvarer, inhalantar, cellestoffskifte og miljøgifter. To sistnemnde er urintest som måler metabolitter (restar etter miljøgifter) og organiske syrer. Eg kan rettleie deg i utvalet til laboratoriet EU BioTek AS.

Ta kontakt ved spørsmål.


TANITA Kroppsanalyser

Få ekstra motivasjon til å halde på gode treningsvanar og kostholdsendringar! Kroppsanalyser med 8-12 vekers mellomrom. Kjenn- men også les at endring skjer!

Utskrift ved kvar analyse, Kostholdstips.

Her får du svar på di:

  • Kg kroppsvekt
  • Mengde feitt i prosent og kg

  • Fettfri masse

  • Muskelmasse

  • Beinmasse

  • Mengde vatn i kroppen

  • Visceral fettratering (bukfett)

  • BMI

  • BMR (basalforbrenning. Minimums- kcal- inntak)

  • Metabolsk alder (NYTT!)

* Dersom du trener meir enn 12 t pr. veke, øver til stevne, konkurranse eller er idrettsutøvar på heiltid, då vil du bli ratert og vurdert som "atletisk". Elles er dei aller fleste av oss i kategori "standard".

* Referanseområder for målingane av fett, BMI, visceralfett, muskelmasse og BMR.

Pris: Kr. 399,- for 1 stk analyse.

Pakke: Kr. 999,- for 3 stk analyser.


Kurs for livsstilsendring

Kurset er i hovudsak eit program for å oppnå bedre helse. Individuelle framtidsmål er i fokus for den enkelte.

Stikkord om Brusetmodellen:

  • Færre raske karbohydratar
  • Inga kaloritelling
  • Brukar ikkje pulver
  • Gruppebasert
  • Inspirert av Middehavskosthaldet
  • Kurset har 24 samlingar i løpet av ca. 40 veker
  • Trening er en føresetnad
  • Brukar ny kunnskap innan mentale teknikkar

Døme frå tidlegare deltakarar og deira mål; endra kosthold, vektnedgong, struktur på kvardagen, stabilisere blodsukker, mindre søtsug, bestige ein fjelltopp, stressredusere, auka mental styrke. Fokus på langsiktigheit og bruk av teknikkar for endring av åtferd gir varige endringar av livsstilen.

Kursperm, kroppsanalyser og jamnleg oppfølging er inkludert. Tilbud om lukka gruppetrening.

Pris: Kr 7990,- (din mathandel kjem i tillegg)


Ned i vekt med Eurodiet

Stikkord om Eurodiet:

  • For deg med BMI >30 eller >27 med følgesjukdomar.
  • Eurodiet er ein vektreduksjonsmetode under fagleg oppfølging som hjelper deg til å omprogrammere ditt kosthold.

  • Personleg oppfølging
  • Tilpassing til mål, behov og preferansar
  • Enkelt å følgje - lett å like


Individuell gjennomføring ELLER gruppebasert kurs.

Kursmateriell og kroppsanalyser er inkludert.

For gruppebasert kurs:

  • Kursmateriell, bok, kroppsanalyser og oppfølging er inkludert.
  • 4 kurskveldar (1 kveld 1., 3., 5. og 7. mnd.)

  • 3 konsultasjonar à 30 min. (første gong etter 1. kurskveld, så ved 4. og 6. mnd.)

Pris: Kr. 5000,- (din mathandel kjem i tillegg)