Snarleg godkjensle frå Styrketimen!


  • Onsdag kl. 10.00 - 11.00
  • Fredag kl. 16.00 - 17.00
  • Søndag kl. 19.00 - 20.00


For PÅMELDING: Send SMS til tlf.nr 992 55 003, eller skriv til meg frå skjema under fanen "Kontakt". 


Kven kan møte til Styrketimen?

Styrketimen er for deg som er usikker på styrkeøvingar, men erkjenner at dette er noko som du manglar og som vil styrke helsa di. Du som er utrent eller trent vil ha effekt av Styrketimen. Eg vil lose deg trygt gjennom, og du held din intensitet. Du vil straks opplever at her er ingen fasit på intensitet og antal repetisjonar. Inviter med deg kompis, venn, dotter, son, mor, far, tante eller onkel. Du har alltid ein sjangse til å starte på nytt! Styrketimen er aktuelt for deg som er 16 år og eldre. 

Kva gjer vi på Styrketimen?

Styrketimen er basert på kroppsvektsøvelsar. Når vi evt brukar enkelt utstyr, så vil dette ligge klart ved matta til du kjem. Etter Styrketimen skal du la matte og evt utstyr ligge igjen. Eg reingjer alltid etter økta. Maks deltakarar per økt: 10 personar. Du har tilgong til wc, vask og antibac.

Kva skal eg ha med meg?

Du møter ca 10 minutt for Styrketimen startar. Kom i aktivitetstøy, skift til reine innesko, ta med handduk og vassflaske. 

Korleis betaler eg?

Betaling (100,-) skjer via VIPPS før eller etter ei økt Styrketimen. 


Spørsmål? Ring eller skriv; 992 55 003. Vel møtt til ei umiddelbar helsebringande økt!

Bli med på Styrketimen! Vedlikehold din funksjonelle kropp og helse - frå ei til tre økter i veka! 


Du er varmt velkomen til å følgje meg på 

Instagram (@nupenkostoghelse) eller Facebook (@nupenkostoghelse)


Kvardagen er snudd opp ned for oss, vi, du og medmennesket. Mange rom er blitt innsnevra og folketome, mens andre flater renn snart over av informasjonsflyt om mørketal, utvikling, status innland, status verden og nye reglar å forholde seg etter og mange meiningar. Er det slik at du trakkar grådig over streken viss du opp i alt dette kjenner...

Inspirasjon til alle som likar fargerike måltid! Eller kanskje du klarer auke grønsaksinntaket ditt etter å ha vore på inspirasjonskurs?

Nupen KostogHelse har mange kundar som oppnår bedre helse og målpasseringar. Her får du lytte til Solbjørg. Solbjørg har MS, og har ikkje angra eit sekund på sin oppstart av tilpassa oppfølging. Ver så god og lytt!

I dag er det siste dag i 2019. Du er i ferd med å setje punktum for 2019 og kan kalle dette året fortid. I dag, kanskje i morgon, mest truleg dei neste dagane dine kjem du til å evaluere, Reflektere. Tenkje tilbake på det som vart, det som du gjorde, det du opplevde og korleis du handla.

Nupen KostogHelse har mange kundar som oppnår bedre helse og målpasseringar. Høyr gjerne på Marit, som er halvvegs på si reise i "Livsstilspakken"!

Så er endeleg jula komt i år også. Og heldig er vi som kan glede oss ein gong til. Denne lune, stemningsfulle tida på året som gir både born og vaksne håp, glede og forventning. Mange ønskjer seg å kjenne på rolegare tid, omtanke og kjærleik. Å vere saman med dei menneska som betyr noko for ein. Å ete god mat og drikke som høyrer jula til. ...

Eit menneske sine såre kjensler, traumer og vonde opplevingar, dårleg samvit og sjølvtillit er stikkord som gjentek seg for ein med overvekt eller fedme. Personen har opplevd å dekkje over kjenslene sine kring dette med mat. Mat kan vere ein dempar for det vonde ein kjenner inn i seg, eller som ein utveg frå det vonde. Frå programmet "Helene...

I dag, 4. desember fyller Nupen KostogHelse 2 år! Du er velkomen inn til bursdagsfeiring, te, raw- kake, chia- rundstykker, konkurranse og bursdagstilbod! I dag er eg på kontoret til kl. 17:00, torsdag og fredag til kl. 16:00.