Nupen KostogHelse
Hei og velkomen hit! Eg heiter Ingeborg Tusvik Nupen og driver Nupen KostogHelse i Ørsta, ein times biltur frå Ålesund. Eg er 37 år, gift med islandske Jens, og mamma til to solstrålar på 11 og snart 14 år. Rundt beina våre luskar ofte katten, Kompis og hunden, Isa.
Korleis min kvardag er? Eg er berre eit menneske eg også - men, det er klart at eg ønskjer å vere til inspirasjon for mine klientar. Difor kjenner eg på velvære og overskudd i å ha oversikt på dagane mine, og å planlegge litt fram i tid. Eg verdset fargerikt kosthold og styrkande mat. At maten skal gi meg noko, syns eg er viktig. Sidan 15- årsalder har eg vore treningsinstruktør og har framleis gruppetimar. Styrketrening og kondisjon gir meg påfyll. Likevel elskar eg ein knekk sjokolade, eit glas raudvin, å ligge i sofaen med beina høgt. Opplevingar saman med familien min er viktig for meg.
Engasjement for trening starta i ungdomstida, og har hatt glidande overgong til å omfatte helse, kosthold og livsstil i vaksen alder. Personleg har eg opplevd å møte veggen og bli ein skugge av meg sjølv. "Flink pike"- syndromet og å gjere alt plettfritt på alle arena krevde sitt. Det krevde den gode meg. Fråvær av energi, besvimelsar og apati. Denne perioda fekk meg til å tenkje på kva eg vil i livet mitt. Korleis vil eg ha det? Korleis vil eg vere som mamma og kone? Kva er draumen min? Jo, å motivere andre til å ta tak i eiga helse, å nå inn til eit anna menneske - ikkje minst det fantastiske å oppleve at individet får ein betre livsstil. Her er eg i dag!