Middag

 

Reste-wrap

25/10/2019

Har du litt middagsrestar igjen og tilfeldigvis nokre tortilla frå ein taco- kveld eller lakse-wrap? Det kan lett bli endå ein middag ut av dèt! To slike raust fylte tortilla fullkorn var absolutt nok til ein vaksen! Under ser du kva eg fylte våre med, og du må gjerne fylle med det same - eller bruke fantasien etter kva høvelege...

Fiskegryte

23/10/2019

Ei fyldig fiskegryte er så godt! I denne kan du putte i dei grønsakene du har tilgjengeleg i kjøleskapet, eller du handlar inn det som kjem i ingredienslista under. Når eg har denne til middag, så brukar eg stundom flatbrød m/ smør til. Mengda rekk til familie på fire.

Laksewrap

17/10/2019

Middag på 15 minutt - det kan passe i ein kvardag der livet skjer! Ha tilgong til grønsaker, rømme, ørret/ laks, kvitost, kikerter, krydder og grove tortilla, så er mykje gjort!

Blomkålsuppe

17/10/2019

Det er noko heilt spesielt med suppe som du lagar frå botnen. Her snakkar vi om gode råvarer. Smaken er så mykje rikare, og konsistensen er ein draum! Eg gir tommel opp for mat som gir mennesket godt med næring, og som tilfører god flyt og energi etter at måltidet er inntatt. Prøv blomkålsuppa som eg får dele for...

Du som kjenner meg veit at det skal mykje til for å toppe eit styrkande og fargerikt måltid! Denne dagen vart det kveldsmat til middagstid, og så vart det nydeleg middag når det etter planen skulle vere kvelds. Ja ja, dette kan eg for øvrig skrive utfyllande om i eit anna innlegg.. Her kan du få tips til kva du...

Tomatsuppe

03/09/2019

Altså, tomatsuppe hevar seg nokre nivå opp når du lagar den sjølv! Denne utgåva laga eg for ikkje lenge sidan, og junior i huset, som veit kva han likar, ga tommel opp til suppa. Så kjekt og så god som den er! Denne kjem straks tilbake på våra middagsbord!

Det er ikkje mykje som slår ei heimelaga fiskegryte med fyldig smak! Personleg likar eg smaken av karri til kvit fisk. Suppa kan få dei fargane av grønsaker som du vel å tilsetje. Slik kan du bruke opp ei einsam gulrot, nokre få poteter eller ein halvfull pose i frysaren med grønsaker. Ved servering er det for mange obligatorisk med...

Denne salaten får eit høgt terningkast for fargar, grønsaker, kostfiber, protein, fett og gjer deg mett! For mange appellerer eit kosthold inspirert frå Middelhavslanda. Kanskje vil ein middelhavssalat få deg òg til å tenkje tilbake på varme, lune sommarkveldar, god mat og fine folk?