Hei og velkomen!

Eg heiter Ingeborg Tusvik Nupen og driver Nupen KostogHelse i Ørsta, ein times biltur frå Ålesund. Eg er 37 år, gift med islandske Jens, og er mamma til to solstrålar på 11 og 14 år. Rundt beina våre luskar ofte katten, Kompis og hunden, Isa.

Korleis min kvardag er? Eg er berre eit menneske eg også - men, det er klart at eg ønskjer å vere til inspirasjon for mine klientar. Difor kjenner eg på velvære og overskudd i å ha oversikt på dagane mine, og å planlegge litt fram i tid. Eg verdset fargerikt kosthold og styrkande mat. At maten skal gi meg noko, syns eg er viktig. Sidan 15- årsalder har eg vore treningsinstruktør og har framleis gruppetimar. Styrketrening og kondisjon gir meg påfyll. Likevel elskar eg ein knekk sjokolade, eit glas raudvin, å ligge i sofaen med beina høgt. Opplevingar saman med familien min er viktig for meg.

Engasjement for trening starta i ungdomstida, og har hatt glidande overgong til å omfatte helse, kosthold og livsstil i vaksen alder. Personleg har eg opplevd å møte veggen og bli ein skugge av meg sjølv. "Flink pike"- syndromet og å gjere alt plettfritt på alle arena krevde sitt. Det krevde heile meg og litt til. Fråvær av energi, besvimelsar og apati. Dårleg næringsopptak, for lite søvn og mykje stress. Denne perioda fekk meg til å tenkje på kva eg vil i livet mitt. Korleis vil eg ha det? Korleis vil eg vere som mamma og kone? Kva er draumen min? Det å motivere andre til å ta tak i eiga helse, å nå inn til eit anna menneske. Når eit menneske opplever at små endringar over lengre tid kan gi viktig helsegevinst - då kan eg ikkje tenkje meg anna yrke. Her er eg i dag!


Eg engasjerer meg lett til din fordel i å spore og dyrke den livsstilen som gjer at du får det betre! Med tid, tolmod, tilpassing og at du er tru mot deg sjølv- så er min tanke at alle individ kan oppleve lettare kvardagar! Eit blodsukkerstabiliserande kosthold og velfungerande fordøying vil vere eit av ledda. Det er du som skal ta stega, men eg følgjer deg like bak for å rettleie deg i val av retning. Så, er du klar?


Du er den viktigaste personen i ditt liv. Når du er på plass i deg sjølv - 

så er du òg tilstades for dine næraste. 


Mitt engasjement og filosofi rettar seg til deg som individ; frå korleis du tenkjer til korleis du står i livet ditt. Eg er nysjerrig på dine prioriteringar og kva du vektlegger i din kvardag. Ikkje minst er du som deg sjølv viktig, med dine utfordringar og dine mål. Vi har alle våre mål og draumar. Kva skal til for at du kjem nærare dine?

Akkurat dette syns eg er så spennande. Fokuset mitt til klient er sjeldan begrensa til èin faktor ved livet sine sider. Å ha god helse kan bety at du kjenner at du meistrar kvardagen din. Du får gjort det du ønskjer. Energien er god. Du har god nattesøvn. Du veit korleis svare på stress og behov for restitusjon. Du blir løfta av fysisk aktivitet.

Helse handlar blant anna om å halde seg frisk. Det er ein aktiv prossess å forebygge sjukdom, men du kan òg lindre dine symptom. Helse er også psykisk helse og korleis du har det saman med andre. Det du vel å ete og drikke kan påvirke mykje. Ditt inntak kan medvirke til mindre god helse, og ditt kosthold kan løfte helsa di til å bli betre. Helse er også noko du sjølv skaper. Ved å gjere endringar i din livsstil, så kan du kjenne positive effekter etter nokre dagar til få veker. På sikt kan dine val redusere risiko for livsstilsrelaterte sjukdomar som overvekt, fedme, diabetes type 2, hjarte- og karsjukdomar og høgt blodtrykk. Ved å justere din stil å leve livet, så gjer du noko med underliggande årsaker til symptoma. Du kan sjølv påvirke eiga helse, ditt kosthold og din livsstil i dag for morgondagen.



Mi utdanning: 

  • Allmennlærar, Høgskulen i Volda, 2005
  • Fordjuping kroppsøving, Høgskulen i Volda, 2005

  • Kostholdsrettleiar TMS, Tunsberg Medisinske Skole, 2008

  • Grunnmedisin, Tunsberg Medisinske Skole, 2016

  • Ernæringsterapeut TMS, Tunsberg Medisinske Skole, 2019


Kurs:

  • Workshop matintoleranse, 2017
  • Stoffskiftedagen, 2017

  • 7 trinn til god helse, 2017

  • Trening og kosthold, 2018


Sertifisering:

  • Sertifisert Kursleiar Bruset-modellen, 2015
  • Sertifisert Matintoleransetesting, EU BioTek AS, 2018

  • Sertifisert Eurodiet-behandlar, 2019


Har du kjent på den krafta du har i å påvirke eigen kvardag? Det bur uendeleg med muligheiter i deg! Vi har alle ansvar for å ta tak i vårt kosthold, helse og livsstil. Klart du også kan! Med rettleiing, støtte, utredning, oppfølging og motivasjon kan du lykkast endå betre 

- og varig.

Kosthold - Ernæring - Livsstil