Vaffelkake med kefir, rømme og chia

Vaffler som mettar og inneheld gode styrkestoff for magen ~ det kjennes ikkje feil! Kefir tilfører tarmflora styrkande probiotika (mjølkesyrebakterier), og elles vil desse vaffelplatene mette lenger enn den typiske dessert-vaffelen. Så, eit stykke vaffelkake er truleg nok! Når skal du teste vaffelkake?


Ingrediensar:

  • 4 egg
  • 1 ss sukrin gold (eller anna søtning)

  • 4 dl kefir

  • 2 ss seterrømme

  • 2 ss chiagraut- restar (chiagraut; chiafrø sveld i kefir over natta i kjøleskapet

  • 2 ss smelta smør

  • Fullkorns-kveitemjøl til passeleg røre-konsistens

  • Syltetøy (eg brukte sukkerredusert jordbær)

  • Krem


Framgongsmåte: 

  1. Piske godt egga med søtning.
  2. Bland i kefir og rømme.

  3. Tilset smelta smør.

  4. Rør inn chia- blanding (evt kan du tilsetje 2 ss chiafrø i vaffelrøra)

  5. Rør inn fullkorns-kveitemjøl til du kjenner at røra er passeleg til steiking. Røra tjuknar viss den får stå ei stund. 

  6. Steik vaffler og legg på rist til avkjøling.

  7. Legg første vaffelplata på eit fint fat. Smør syltetøy på denne. 

  8. Breie utover piska krem på ny vaffelplate, og legg denne opp-ned på vaffelplata med syltetøy. 

  9. Hald fram slik annakvar vaffel med sylte og vaffel med krem til passeleg høgde på vaffelkaka. Kanskje du skal løyve nokre vaffelplater til skulemat eller lunsjpakken neste morgon?

  10. Valfritt å kle vaffelkaka med krem utvendig. Eg hadde berre litt til overs! Lag ekstra med krem om du vil, og kle inne vafflene med eit tynt kremlag. 

  11. Skjer deg eit stykke med ein god kniv, og berre nyt! Kaka kan du setje kaldt med lokk over, og den er god også dagen etter. 


Førebu deg på blautkake-kjenslå! Smaken er like god, kanskje endå betre! Og innholdet; lekkert!