Tortilla-godt!

Altså; Fargar, protein, grønsaker, kostfiber, fettkjelder. Fint for auget, god på smak og for fordøying og energi. 


Ingrediensar:

  • 1 stk tortilla fullkorn
  • Smør

  • Blanda salat (eller salat som du har tilgong til)

  • 4 skiver kvitost

  • 4 skiver kokt skinke

  • Avokado (eg eeelskar avokado - og skjerer i rause skiver!)

  • Nokre cherrytomatar 

  • Ekte majones


Framgongsmåte:

  1. Stryk smør utover tortilla' en.
  2. Skyll alle grønsaker. Skrell avokado og skjer opp i skiver.  Del tomatane i halvdelar.

  3. Legg salat over tortilla' en. Ikkje vere beskjeden her!

  4. Legg fint på skiver av kvitost og skinke. 

  5. Avokado- strimlar og tomatar litt hist og her. 

  6. Til sist rislar du over med tynn stripe ekte majones.


Finn fram kniv og gaffel. Tygg godt. Legg bestikket ned og kjenn på dei gode smakane!