Sjå kvarandre - og ta vare på deg sjølv

Kvardagen er snudd opp ned for oss, vi, du og medmennesket. Mange rom er blitt innsnevra og folketome, mens andre flater renn snart over av informasjonsflyt om mørketal, utvikling, status innland, status verden og nye reglar å forholde seg etter og mange meiningar. Er det slik at du trakkar grådig over streken viss du opp i alt dette kjenner deg takknemleg for at du sjølv og dine er friske? Er det lov å gjere og tenkje styrkande, medan du følgjer reglane for å hindre smitte? 

Kan du i desse dagane som kjem oppleve å vere i ein kropp som kan?



Kropp og sinn hengjer saman. Det same seier vi om tarmhelsa og dine tankar. Kva kan du gjere for å styrke immunforsvaret ditt, og soldatane i dei store tarmflatene som ønskjer å kunne vekse i breidden? Når kjende du forresten sist på noko fint, noko behageleg? Var du takknemleg? Glad, positiv? Eller smilande? Korleis var magekjensla? Mest sannsynleg var den der og då berre god. 


Eg samtalar med mine kundar om deira kvardagsrutiner. Frå ei oppfølging til ei anna kan traudige årsaker i kvardagen lett konkurrere ut ei sunn rutine og vane. Vi snakkar om kva tid følte ein seg sist godt, opplagt, med energi, god søvn og humøret på plass. Jau, dei fleste nemner at dette er på plass når ein tek grep om sin agenda og prioriteringar. Stundom er tonen meir monoton, og blikket mindre løfta. -Stress. Svarar kunden gjerne. Anten stressbelastning som arbeidspress på jobben; det er mykje å gjere og totalen per dag gir kjensle av å føle mindre meistring. Å ikkje meistre, å føle fråver av kontroll er ubehageleg. Du har ikkje oversikt over kva som kjem, eller skal kome. Det sistnemnde kan du faktisk styre meir sjølv, og med det oppleve meir psykisk overskot, mental styrke og indre velvære. Ikkje over natta- men litt på veg. 


Stress kan ta eit stålgrep om di helse, di bevisstgjering og fokus til kva dine behov er for å føle deg bedre. Stressgrepet kring strupen kan tukle til handlelista (viss den i det heile tatt er med) og bidra til at matlaging frå eige kjøkken vert sjeldnare og sjeldnare. Matvarer med kort ingrediensliste likeså, men i staden heilfabrikklaga mat eller halvvegs ferdig kokkelert mat. Mange i samfunnet møter på repetert stress som festar seg psykisk eller somatisk. Eit samfunn som ofte lir her, er magen din. Når magen lir, og probiotiske tarmsoldatar blir i mindretal, så tenkjer og fokuserer du ikkje så positivt. Vagusnerven tek i mot signal frå tarmen og sender opp til hjernen - men også omvendt. Kan du påvirke denne informasjonsutvekslinga positivt? 


Det kan vere mange små faktorar som fører deg inn i ein uheldig sirkel. Denne lista kan starte med sitt innhold og minner frå barndomen, frå oppvekst og opplevingar i dag. Mykje kan kjennast umulig, men med tid og tolmod kan det "umulige" bli mulig. Vi har alle, trur eg, opplevd å vere inne i ein uheldig sirkel. Med handa på hjartet kan eg stadfeste at det kvar gong er ei lette når foten har tatt steget og eg bestemt å bryte mønsteret. 


Denne tåka som no ligg over bygd og by, ho kjem ikkje til å lette med det første. Vi har god dugnadsånd her i landet vårt, og vi skal kunne stole på at alle gjer sitt - og i denne tida som er framand. Samfunnsdugnaden er enormt viktig, men det er du også med dine kvardagsval og kvardagsliv. Behandlingsroma treng å stå klare til den som verkeleg treng å kome inn, og at helsepersonellet er sjølv friske og med ledige hender. Mi oppmoding er at vi som kjenner oss friske i dag, skal ha som mål å ha det for augene kvar dag. Då trengs det i mange hus og heimar at vi porsjonener nyheitsoppdateringar på alle skjermar, og prioriterer kva alle desse ledige halvtimane framover KAN brukast til. 


Kanskje er denne tida av året den viktigaste perioden av året der du held fast ved dine sunne og styrkande kvardagsrutiner. Ja, hold deg oppdatert i høve utviklinga i samfunnet, men; Tankesettet ditt og indre dialog har alltid to stemmer. Kva for ei tenkjer du å dyrke? Å snakke om, lytte til, lese om, scrolle opp og nedføre på mobilen vil for mange gi urolege magar, nervøse tankar - og impulsive steg til godteskuffa på kjøkkenet for å finne litt lykke. Raffinert mat; bollar, kakemat, kjeks, snop, is, brus, heilfabrikklaga mat eller halvvegs ferdig kokkelert mat vil ikkje tilføre kroppen din næringsstoff som hjelper, lindrar, styrkar og løftar deg over tid. Blodsukkeret vil der i mot få seg eit raust løft, men med påfølgande fall - og di grad av energi parallellt. Vi er ganske så identiske innvendig, du og eg, og minna frå tidlegare lykkerus av det søte triggar oss til å gå på søk etter meir søtt å ete. Eit godt råd er at du er meir bevisst ditt kosthold når romet for bevegelse og fysisk aktivitet er begrensa, men også fordi din indre glød og engasjement har fått seg ein knekk. Desse kjenslene skal ein klart få kjenne på, men kanskje ikkje dyrke?... Det som du vel å ete og drikke, det er dette som er og blir ditt drivstoff. Kostholdet ditt kan styrke di helse frå topp til tå; mental helse, fysisk helse og tarmhelse. Auke gjerne merksemda di til sistnemnde, som er med og avgjer styrken din i toppetasjen, muskulatur, kondisjon og immunforsvar. 


Nupen KostogHelse sine styrkande tips til deg; 

  1. Skap ein agenda! Planlegg morgondagen din. Ha litt struktur og oversikt. Stryk ut når gjennomført og kjenn på godkjensla! Smilet di då er ei SMITTE som er heilt ufarleg!
  2. Når skal du ete? Ikkje minst; A) Tenk meir på kvifor du et og B) Et med sansane dine. Igjen; LEGG bort mobilen. Sjå, lukt, smak, kjenn på konsistens, tyg, tygg og tygg maten din! DÅ vil magehelsa takke deg!

  3. Et meir fargar! Meir-tenking er eit hyggeleg begrep eg gjerne formidlar! Et meir grønsaker og bær! Vere raus med antioksidantar frå sterke fargar. Fyll på til alle dine måltid med anten rå grønsaker eller varmebehandla. Hugs på: Alltid med ei fettkjelde til, slik at fordøyinga klarer ta opp betre dei fettløyselege vitamina A, D, E og K! Visste du at grønsaker også har ei lita mengde protein i seg? Mengde kostfiber vert likevel framheva, og det er topp for tarmhelsa som treng trimmings og for å forsyne dei gode tarmbakteriane til vekst!

  4. Bruk oftare extra Virgin olivenolje, gjerne 1 ss dagleg. Bruk avokado, smør, cocosa! Bruk mjølkevarer om du toler. Alternativt t.d. kokos- eller mandelmjølk! Kefir! Et gjerne totalt ein neve nøtter eller mandlar for dag. Bruk frø og kjerner! 
  5. Et oftare egg, heile egget, til gjerne eit fast måltid per dag! Bruk fisk; feit og mager, som filét, karbonade, pålegg og som kosttilskudd kvar einaste dag. Lag styrkande måltid av kylling, storfe, vilt, lam eller svin. Bruk sukkerredusert yogurt. Bruk reker og anna frå havet! Prøv oftare erter, bønner og linser for å supplere og berike måltid! Alle treng aminosyrer frå proteinkjelder i fleire doser dagleg. 
  6. Varier måltida dine! Veksle på innhold i måltida dine, slik at du lettare får i deg fleire makro- og mikronæringsstoff. Korn treng ikkje alltid vere basen og tyngda i eit måltid. Hugs; Kostfiber og karbohydrat får du også når du inntek grønsaker!

  7. Vatn! Drikk meir vatn utanom måltida dine, slik at du ikkje forstyrrar enzyma i spyttet og magesyra som behandlar maten du har mekanisk behandla. Sørg for at vitamin B- gjengen og Mr. C får god flyt fram til cella der energien blir skapt. Vatn er BESTE tørstedrikken, held deg hydrert og fokusert!
  8. Ta tilbake laurdagen! Eg seier ikkje at du skal, men du kan gjere det om du et snop og godteri. Laurdag kveld kan bli som før; kvelden for litt ekstra å tygge eller drikke på. Å kose seg kan inneholde SÅ mykje anna enn sukker og søtt. Sant, vel? Når kjenner DU at du har det godt i deg sjølv? Kva gjer du? Kor i kroppen sitter godkjensla? Er du tilbake til magen?.. Og hjartet? 
  9. Prioriter søvnen din! Igjen, legg vekk mobilen og la den ligge på stova om natta! La helsa, på alle plan, få stille-tid og muligheit til å bygge og styrke seg til ein ny dag. Når er det bra for deg at du legg deg? Kva tid skal du stå opp?
  10. Fokuser på pusten! Pusten kan vere din fysisk næraste venn framover. Bruk den meir! Pusten er eit trygt anker i vanskelege situasjonar. Lukk munnen oftare og trekk innpust via nasen. La utpusten vere dobbelt så lang. Påfyll ved innpust, og med utpusten går grums og nervøsitet. 
  11. Beveg deg til du blir svett og anpusten! Kvar dag, minst 30 minutt. Naturen løftar og gjer tanken fri. Du har ledig ein halvtime, sant? Hjartet er ein muskel som ønskjer å bli styrka av DEG! Få bedre flyt i kretsløpet, og kjenn oftare på dei opplyftande lykkehormona! Det florerer av øvelsar i treningsverda på internett, som du kan gjere på stovegolvet eller ute på plenen. Men kik godt på teknikken- den er viktig!

  • Hald eit fornuftig fokus på informasjonen som kjem. Bruk vitet. 
  • Gi plass på legekontor og sjukehus til dei utsette gruppene i befolkninga. 
  • Ta vare på deg sjølv, fri blikket frå skjermen og sjå heller kvarandre. 

Kjenner du at dette skulle du hatt hjelp til? Eg ønskjer hjarteleg å kunne bidra til at samfunnet blir sterkare og meir robust også for framtida. Under har eg tatt med to av dei tenestene som Nupen KostogHelse tilbyr. Dette er tenester som ikkje kjem i skvis med god praksis av hygiene og førebygging av sjukdom. 

Dersom du har Skype, så avtalar vi tid, vi koplar oss på - og så sjåast vi.


Mange smil 

og med handa på hjartet-

Frå Ingeborg



Dei smarte vala

i kvardagen


Dersom du kjenner på ubehag i kroppen som kan slå seg av og på som ein brytar, så kan vitamin- og mineralmangel vere blant årsakene. Ei bevisstgjering rundt kosthold og livsstil er essensielt.

"Dei smarte vala i kvardagen":

Oppstartssamtale 60 min.; Samtale. Bruk av skjema for ernæringsterapi. Kroppsanalyse (veging).

2 oppfølgingssamtalar 45 min.

2 stk. kroppsanalyser à 15 min.

Du og eg legg framdriftsplanen i lag, om det seg vere for få månader opptil 1 år frå startdato.

Oppstart: Når du er klar!

Pris: Kr. 2590,-

Kostholdsrettleiing


Ønskjer du å få tips og råd om matinntaket ditt, måltidsrytma og matvarevalg?

Med utgangspunkt i basalforbrenninga di, kvardagsaktivitet og fysisk aktivitet og det du et; di matdagbok, så kan eg korrigere deg mot smartare byggeklossar. Du vil få "Kosthold for ein dag" tilsendt til din e-post.

Pris: Kr 990,-

Oppstart: I dag? 

Oppfølging:

30 min. kr.: 399,-

60 min. kr.: 750,