Styrkande fargerikt!

Jo visst går det an å ete regnbogen! Har du høyrt om "ROGGBIF"? Raudt, oransje, gult, grønt, blått, indigo og fiolett? Nettopp regnbogen sine fargar! Du kan fleire gonger for dag velje desse ulike fargesterke matvarene, og du vil vekkje til live mange sansar i deg. Dette fatet forsynte kroppen min med over 400 g grønsaker. Viss fordøyinga di syns denne mengda gir for mykje kostfiber i eit måltid, så førebu i litt mindre mengder ~ berre få med ulike sterke fargar!
Ingrediensar:
- 1/2 gul paprika
1 gulrot
Neve brokkolibukettar
Ca 10 cm purrelauk
1/4 gul lauk
2 stk tomatar
Ca 10 cm aubergine
2 egg
Smørklatt
Salt
Pepar
Chilikrydder, kvitlaukskrydder (eller anna ønska krydder)
Eit måltid med matglede og fargefest!
Framgongsmåte:
- Vask grønsakene.
Smelt smør i steikepanna.
Medan smøret smeltar så kuttar du opp grønsakene. Gjerne i nokså like storleikar, slik at dei vert gjennomvarme og lune på same tid.
Steike grønsakene og vend på blandinga med jamne mellomrom. Bruk medium varme og unngå brende grønsaker.
Smak til med krydder.
Hell grønsakene over på ein tallerken.
Steik deg speilegg. Eg likar godt at plomma er "smilande"!
Legg speilegga på tallerkenen ~ og nyt eit styrkande og fargerikt måltid!