Start i det små, i morgon!

I skrivande stund er det om lag ein måned igjen av sommarferien for folk flest. For mange står framleis ferieveker og ventar på deg. Eller starta du på ferien din i dag? 

Mange kjenner seg igjen i stresset ein gjerne står i ved innspurten av alt som skal gjerast i jobbsamanheng. Oppgåvene har med å hope seg opp, og så ramlar det inn spørsmål eller oppgåver frå andre, i det du var tenkt å låse kontordøra. Og dette berre "må ordnast i dag!" får du beskjed om. Så er det heimen som skal vere plettfri til du kjem tilbake frå ferie. Difor vier du tida di til husarbeid denne helga når du eigentleg hadde tenkt å ta deg ein fjelltur, samle deg litt og begynne å få kontroll på koffertane. Dagen ved avreise blir ei berg- og dalbane av humørsvingingar og trippelsjekking av hugselista. Så skal du berre støvsuge ein siste gong, før du som sistemann les døra og pustar ut med eit sukk i bilen på veg til flyplassen. Så kjem du på reisematen, som du hadde fornuftige, enkle planar om. Til alle i familien. Den rauk til fordel for svindyr mat og drikke undervegs på reisa. 


Har du kjent det slik tidlegare? Det kan eg stadfeste at eg har. Heldigvis, så lærer ein kvar dag.


Du kjem deg fram til feriestaden. Det er seint på kveld og du er skrubbsvolten, fordi sist måltid var for 6 timar sidan, før du forlot heimlandet. Etter dette måltidet vart det snacks og drikke som fekk blodsukkeret til å svinge parallelt med turbulens før landing. I sydenland rumlar magen i kor med grashoppene. Du gler deg til å stå opp dei neste dagane i ferien og kjenne på sommarferiekjensla med hyggelege opplevingar, ein kropp som kan, med energi, godt humør og god søvn.  


Ferie er for dei fleste ønskje om avkopling frå kvardagane heime. Ein ønskjer mindre kvardagsmas og jag, og meir kos, ro, hygge, å gå til dekka bord eller til basseng- eller strandkanten. Syns du eg tek vel hardt i? Tja, det kan vere. Men for mange så vil feriedagane gå føre seg slik. Den indre stemma fortel ofte at dette skal du unne deg. Dette fortener du. Du har jo hatt det så travelt over lengre tid. Og du let denne stemma få overtaket. Det blir stranddag på 5. dagen (med solsenga nærare og nærare strand-restauranten). 


Sjølvsagt er det vel unt å kjenne på lågare skuldrar, kvilepuls, ro og ein pust som går lågare ned enn til halsgropa. Eller det seg vere ein nydeleg dessert, eit glas eller to raudvin på balkongen eller ein sein utekveld- og frukost blir heller til brunsj. 

Så er det dette med balansen då. Og kvar vart det av dei små, men viktige vanane dine som satt så godt i deg frå januar til juni? 

Kva med å prøve desse tipsa til feriedagane dine, anten du er i utlandet, innlandet eller har starta på jobb etter ferien? Ein kan nemleg finne på å skyve oppstarten av smarte rutiner langt, langt fram... :

  1. Et fargerikt, mettande og styrkande frukost, lunsj og middag kvar dag.
  2. Minn deg på hand- og mathygiene.

  3. Drikk minst 1,5 l vatn utanom måltida. Kanskje treng du meir?

  4. Sitt når du et, tygg maten din godt og nyt maten!

  5. Gå 30 minutt kvar dag - synleg svett! Kanskje det blir lenger, når du først er i gong?


Når det er ferietid kan dette vere ei enkel sjekkliste og hjelpe deg til å kome tilbake til ei grei måltidsrytme, at du er bevisst på kva du et og drikk- og kva du gjer eller ikkje gjer av aktivitet. Med dette kan du oppleve å vere på reise med ein mage som fungerer fint, med å vere i ein kropp som fungerer, du har stabilt humør og søv godt. Til sist vil eg minne deg på at alle mulegheitene som du har! Du kan ta gode valg, og det er du som bestemmer over deg sjølv og kva som gjer deg godt! 


Framleis god sommar - og lykke til med sjekklista!