Snikande overvekt

Eit menneske sine såre kjensler, traumer og vonde opplevingar, dårleg samvit og sjølvtillit er stikkord som gjentek seg for ein med overvekt eller fedme. Personen har opplevd å dekkje over kjenslene sine kring dette med mat. Mat kan vere ein dempar for det vonde ein kjenner inn i seg, eller som ein utveg frå det vonde. Frå programmet "Helene sjekker inn" (NRK) blir trøyst via mat samanlikna med ein som fell innfor narkotikamiljøet eller alkohol som ein utveg for å dempe vanskane sine. 


Overvekt kjem snikande i samfunnet. Fleire og fleire born, ungdom og her vaksne utvikler overvekt. Ein fell innafor kategorien når ein har ei viss mengde fett på kroppen. Mat blir her ofte nytta for å søkje seg vekk frå problem og kjensler. Det kan starte slik og vedvare i lang tid. Personen treng ikkje vere bevisst om dette og kvifor vedkomande brukar mat og drikke på denne måten. 


Overvekt blir ein tilstand når kroppsmasseindeksen vert høg. Kroppen lagrar fett og blir "fettforgifta". Fettlagring kan medføre høg risiko for diabetes type-2, høgt blodtrykk og hjarte- og karsjukdom. Høg fettlagring i kroppen medfører ofte kronisk betennelse i kroppen. 


Ein blir sjeldan "frisk" av overvekt. Det vil vere nødvendig med eit jamnleg fokus på individet sine tiltak kring livsstil. Oppfølging er eit viktig ledd, og det dreier seg sjeldan om ei periode på 1 år, og så er du "i mål". Det viser seg at oppfølging over ei 5- årsperiode trengs, og nokre treng noko sjeldnare oppfølging- men livet ut. I ei vektreduksjonsperiode fungerer det ikkje for alle å fokusere berre på kaloribegrensing og trening. Her vil det vere til nytte å arbeide som detektiv  frå gode perioder i fortida. Kva gjorde du? Kvifor reagerte du slik? Kvifor lukkast du? Kva gjer du annleis i dei periodene når du ikkje kjenner deg vel, og kiloa legg seg? Kva kjenner du på?


Å bruke mat som ei beskytting, trøsteeting eller ei belønning og for å "kose" seg går igjen. Vedkomande et ikkje spesielt mykje mat alltid, men matvarer med raske karbohydratar, sukker og varer med kombinasjonen mykje sukker og fett. Dette kan vere kjeks, is, kaker, bakerivarer, sjokolade og potetgull. Brus, juice og alkohol bidreg også til å kunne roe ein uroleg kropp. Dette er matvarer med høg glykemisk indeks som påvirkar blodsukker, insulin og sinnstemning kjapt. Dei gir kjapp respons. For å kunne gjere endringar i praksis og repetere desse over tid, så treng ein at vedkomande ønskjer ei bedring sjølv. Vedkomande treng å erkjennne at det vil vere ei rekkje handlingsmønster som det trengs endring ved. Det vil vere ein del ting som må bli sett ein stopp på, elles skjer ikkje endring. 


Kostholdet er naturleg ein del av denne endringa. Verdas helseorganisasjon framhever kostholdet og ernæring som ei av dei sterkaste elementa i å styrke helse og kjenne seg vel. Den overvektige har truleg nedsett næringsopptak og har gjennom tider tilført kroppen mat av feil karakter. Eit relativt "vanleg" kosthold kan fungere for mange, og det viktige vil vere å få struktur på måltida gjennom dagen og matvarevalga. Det vil ikkje vere nødvendig å svelte seg, men å kjenne seg passeleg mett frå blodsukkerstabiliserande mat. Det er òg vel verdt å auke merksemda kring måltidssituasjonen. At mange i røynda inntek mat for å dempe ubehagelege kjensler kan for den enkelte bli ein vekkjar. Når målet er vektreduksjon og kome bort frå livsstilsrelaterte helseproblem, så kan ein ikkje holde fram å "kose seg" hyppig med sjokolade, smågodt, kaker, kjeks, brus m.m. Jo visst skal ein få kose seg, men det gjer ein vidare med styrkande og fargerike måltid. Helsevesenet kan i nokre tilfelle bomme på tiltaka for å redusere på overvekt. Når ein veit at emosjonar og kjensler ligg for mange i botnen for utviklinga av overvekt, vil mental helse trenge større merksemd. Vedkomande har behov for samtale og tid til å bli sett og høyrt. 


Mat treng å bli mat for å nære kroppen sitt behov - og ikkje for å trøyste. 


Fysisk aktivitet kan opplevast grusomt for den som er overvektig.  Overvekt og fedme kan vere 30 kg for mykje tyngd for kroppen eller 150 kg - meir eller mindre. Trivselen til enkeltmennesket er SÅ viktig å ta omsyn til, å styrke sjølvtilliten, trua på at ein kan og at også han/ ho kan oppleve meistring! Ein overvektig kan oppleve angst under fysisk aktivitet, nervøsitet og negativ spenning. Nokre er redde for å dø. Å tore å utfordre seg når ein har støtte omkring seg vil vere nyttig. Å kjenne på sliten muskulatur eller høg puls vil føre ein vidare. Individtilpassing, variasjon og ulik intensitet for å oppnå meistring er ein viktig nøkkel. 


Kvardagen kjem tilbake til alle. Det er kvardagane vi har flest av, og det er her, i desse, at livet skal levast. Ein må gjerne drøyme om morgondagen, men ikkje gløyme her og no. Oppfølging er viktig for å lukkast med desse vanane og styrkande rutinene. Kvardagslivet vil smelle ein i ansiktet no og då på ulikt vis, og hjelp til å takle desse smellane skal ein ikkje undervurdere. Å ha kontakt med rettleiar over tid vil vere som å ha ein passasjer i bilen, som støttar og oppmuntrar til at du held deg langs sporet ditt. 


Nupen KostogHelse har gruppe for Vedlikeholdskurs (møte 1 gong i månaden), og kan skreddarsy pakketilbod etter dine ønskje. Det er også muleg å nytte seg av oppfølging ved behov, med varigheit 30 minutt eller 60 minutt.