Skyr og litt til
04/09/2019

Eit måltid som dette kan gi deg ei god støtte vidare i arbeidsdagen din! Kanskje du ikkje er på jobb, men du er i gong med andre ting som gjer at du vil behalde god konsentrasjon - og unngå blodsukkerfall? Hender det at du vert forhindra og det er ei lang stund fram til middag?
Ein medium banan, eit beger Skyr og 15 stk mandlar vil gi deg 8 g fett, 20 g protein og 36 g karbohydrat. Dette kan vere gode kjelder for deg som treng ein real dytt vidare i dagen!
Du vil attpå tilføre kroppen din:
- Kostfiber
Riboflavin (B-vitamin som deltek i metabolismen av næringsstoffa i maten)
Vitamin E
Vitamin B6
Kalsium
Kalium
Magnesium
Kobber
… med meir!
Eit mellommåltid med litt tyngde i, som gjer at du kjem heim etter dagen med meir energi, meir overskudd og stabilt humør!