Salat sansefest!

Ein tallerken med salat kan vere ei fryd for sansane dine ~ når du legg inn nokre ekstra minutt! Dette biletet er henta frå ein av dei fyrste småkjølige søndagane i oktober. Tallerkenen var fargerik, smaksrik, med ulike konsistensar og gode næringsstoff. Mannen min og eg hadde lunsj for to, og vi kunne like så gjerne ha sitte på ein liten uterestaurant i Hellas.
Ingrediensar:
- Ulike typar salatblad. Eg nytta her blandinga "Middelhavs-miks" og supplerte med spinatblad.
1 raud paprika
Ca 10 cherrytomatar
1/3 purrelauk
Nokre stilkar vårlauk som veks frå glaset i vindaugskarmen.
1/3 raudlauk
1/2 pakke bacon
Feta (eg nytta her Apetina m/ soltørka tomat)
5 skiver Strandaskinke
Pesto
Cheddar
Framgongsmåte:
- Skjer opp bacon i terningar og steik på panne.
La bacon kjøle ned.
Skylje salatblada og vaske dei andre grønsakene.
Legg salatblada i ein romleg bolle.
Skjer paprika i terningar, tomatane i halvdelar, purrelauk og vårlauk i ringar og raudlauken i terningar, Tøm dette over i bollen med salat.
Skjer opp Strandaskinke i ruter, og hell desse og avkjølt bacon over i bollen.
Hell opp i feta eller den sorten du har.
Blande alt saman i bollen.
Legg over på to tallerkenar.
Legg på 1-2 ts pesto og riv over cheddar.
Så er det berre å ta seg god tid og nyte!! Ver så god!