Reste-wrap

Har du litt middagsrestar igjen og tilfeldigvis nokre tortilla frå ein taco- kveld eller lakse-wrap? Det kan lett bli endå ein middag ut av dèt! To slike raust fylte tortilla fullkorn var absolutt nok til ein vaksen! Under ser du kva eg fylte våre med, og du må gjerne fylle med det same - eller bruke fantasien etter kva høvelege restar som befinn seg i kjøleskapet ditt!


Ingrediensar:

  • 2 stk tortilla fullkorn
  • 1 ss creme fraiche

  • 1 ss sukkerredusert ketchup/ knuste tomatar/ tomatpuré

  • Kvitost

  • Raudlauk

  • Brokkoli

  • Oregano

  • Kylling


Framgongsmåte:

  1. Smør utover 1 ss creme fraiche på eine tortilla*en og 1 ss ketchup/ knuste tomatar/ tomatpuré på den andre.
  2. Eg hadde omnsgrilla kylling frå dagen før, og kjøtet reiv eg opp i strimlar og la generøst over. Kyllingkjøtdeig, kjøtdeig, biffstrimlar, chorizo, salami, pølser og liknande kan også passe. 

  3. Skjer opp raudlauken og strø over. 

  4. Skjer opp brokkoli i bukettar og legg på. 

  5. Legg kvitosten over og avslutt med oregano!

  6. Steikast på 220 grader i ca. 6 minutt. 

  7. Tilbehør kan vere salat ~ eller skiva grønsaker. Personleg likar eg avokado attåt dette!


Enklare kan det nesten ikkje gjerast! Og så kjem matrestar til nytte! :-)