Rause rundstykker
.jpg)
For fleire år sidan publiserte eg ei oppskrift som likna denne. Eg hugsar at den gong fekk eg tilbakemeldingar på at fleire syns rundstykka var SÅ gode. I romjula prøvde eg meg fram til ei liknande blande. Her har du den, og rundstykka er i mine sansar minst like gode!
Ver så god og bake!
Ingrediensar:
- 1 pk tørrgjer
4 dl lunka vatn
1 ts salt
2 egg
2 ss smør
500 g Fibra fullkornskveitemjøl
50 g havregryn
150 g svisker
150 g tørka aprikos
2 ss gojibær
2 ss solsikkefrø
2 ss graskarkjerner
2 ss chia
Valmuefrø
Valnøttkjerner
Framgongsmåte:
- Skjer svisker og aprikos i bitar og legg i ein mindre bolle.
Vispe tørrgjæren med vatn i ein romsleg bakebolle.
Tilset egg, smør og salt og blande vidare.
Ha så i havregryn og litt av mjølet.
Hell i oppkutta svisker og aprikos.
Tilset så alle andre ingrediensar. Eg hadde berre nokre få valnøttkjerner igjen, men ville hatt i ein neve hakka valnøttkjerner.
Varme steikeomnen til 220 g, over- og undervarme.
Blande alt godt med tresleiv, og elte med rein hand fram til ingrediensane festar seg godt. Tilpass evt med meir Fibra- mjøl, men deiga skal vere fast og litt klissete.
Del i to, og vidare i 8 emner. Du får 16 stk rundstykker.
Set til heving på steikeplate med bakepapir, 1 t under eit klede.
Pensle gjerne med vatn og dryss over valmuefrø før steiking.
Steikast midt i omnen i ca 15. min, men ver på vakt.
Utrulig kjekke å ha i frysaren - klar til matpakken eller kveldsmaten!
Rundstykke rause på smak ~ berre gled deg!