Proteinrundstykker

Har du prøvd proteinrundstykka?
Dei fins i mange variantar, men denne oppskrifta landar eg alltid tilbake til. Superfine å ha i frysaren. Ta opp eit par stykk om morgonen og dei er tint til lunsj. For å ha med bra mat på farta eller til lunsjpausa på jobben, så kan du ha smør, pålegg og grønsaker i små bokser ved sidan av. Då er det gjort i ein fei å innta eit mettande og godt måltid!
PS! Doble gjerne mengda når du først er i gong. Rundstykka kan lett få bein å gå på. Desse er godt likt blant oss fire her i huset!
Ingrediensar:
- 1 stort beger original cottage cheese
- 3 medium egg
- 300 g havregryn
- 2-3 ts linfrø
- 1 raus klype salt
- 1 ts bakepulver
2-3 store gulrøter
Framgongsmåte:
- Blande alt i ein bakebolle utanom gulrot.
Bruk stavmiksar litt eller ei stund, alt etter kor knust du vil ha cottage cheese.
Bland inn riven gulrot med ei tresleiv.
Ha kaldt vatn i ei lita skål.
Dypp ei ss i skåla med kaldt vatn, og ta opp ei mengde/ ss deig i handa di. Forme ein bolle med lett røyrsle i handgropa di og legg bollen på bakepapir på steikeplata. Eg får 13 stykk av denne mengda.
Steikast i varmluft 210 grader i ca 12 minutt. Avkjøl på rist, nyt eller frys!