Proteinrike lappar

Her har du oppskrift på lune og styrkande lappar med kanel! Av denne mengda får du 3-4 stk., og det kan truleg gjere deg passeleg mett, fokusert og fornøgd. Tilset gjerne skiva eple på toppen, slik som eg har gjort. Eple + kanel = fantastisk godt par!


Ingrediensar:

  • 2 egg
  • 40 g havregryn

  • 2 ss kesam original (nøytral smak)

  • 1 dråpe Stevia- søtning (eller du vel ei anna søtning ca 1/2 ts)

  • Eit dryss salt


  • Smør eller cocosa nøytral til steiking

  • Topping: 1 eple og ein klatt kesam. Gjerne eit dryss kanel. 


Framgongsmåte:

  1. Fole enkelt; ha alle ingrediensane i ein bolle.
  2. Bland med stavmiksar, og gjerne dithen at havregryna blir knuste.

  3. Smelt steikefettet på middels varme og brune lappane gylne. 

  4. Plasser lappane i høgda på tallerkenen din, legg på epleskiver, kesam og dryss over kanel. 


Nytast lune med bestikk!