Pizza

Dette er min ferskaste favoritt når det gjelder pizza! Vi likar den godt med raud topping som på bildet, eller som "kvit" pizza med creme frâiche og kylling. Pizzaen er smaksrik og oppfører seg fint i magen!


Ingrediensar:

  • 3 egg
  • 3 ss mandelmjøl (PS! Eg knuser heile mandlar til mjøl i blenderen min!)
  • 3 dl riven kvitost
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts fiberhusk
  • Om du vil prøve "min" topping; Blande 2 ss tomatpurè med 2-3 ss knuste tomatar. Eg foretrekkjer serien til Mutti, som har stor andel av nettopp; tomatar. Tilsett eit dryss salt og oregano. Masse oregano, om du spør meg! 


Framgongsmåte:

  1. Piske egg.
  2. Knuse mandlar til mjøl eller handle mandelmjøl og ha i eggeblandinga.
  3. Tilset osten. Norvegia er min yndling!
  4. Ha så i bakepulver og fiberhusk. Blande alt godt saman.
  5. La røra svelle 10 min.
  6. Set steikjeomnen  på 180 gr, over- og undervarme. 
  7. Breie blandinga på steikebrett med bakepapir. Bruk gjerne ein slikkepott.
  8. Forsteike pizzabotnen i 10 minutt.
  9. Førebu toppingen.
  10. Smøre sausen utover botnen. Legg på proteinkjelda og topp med kvitost. Evt litt ekstra oregano! 
  11. Steike pizzaen vidare ved samme temperatur til osten er gyllen. 
  12. Medan du venter på pizzaen, så fiksar du ein fargerik salat!


Tips? Lag trippel porsjon botn. Forsteike desse som vanleg, og ha i frysaren! Knallgode å ha på lur. Ta ut av frysaren om morgonen. Kom heim frå jobb, smell på toppingen- og de har blodsukkerstabiliserande, fargerik styrkefest på 10 minutt! DET kan vi like! 


Oppskrifta tilhøyrer heleneragnhild.no