Pepparkaker

Her deler eg mamma si oppskrift på pepparkaker! Mine favoritt- pepparkaker, masse godt krydder~ med ein liten vri på søtning og mjøl. Denne mengda gir omlag 6 brett pepparkaker. Ver så god og prøv!
Ingrediensar:
- 2 dl sukrin gold
2 dl lys sirup
2 dl heilmjølk
250 g smør
1 liter finmalt spelt (eg nytta også fullkornskveitemjøl, då spelt gikk tomt)
1 ts peppar
2 ts malt ingefær
2 ts kanel
1 ts nellik
2 ts natron
Framgongsmåte:
- Varme steikeomnen til 200 grader.
Varm opp mjølk, sukrin (eller den søtninga du vel) og sirup.
Skjer smøret opp i skiver og la smelte i blandinga.
I stor bakebolle: Sikt i mjølet og alt krydderet.
Tilset væska og bland alt godt i hop.
Deiga bør stå i kjøleskåp helst minimum 1 t, for å kolne og setje seg. Gjerne kaldt natta over. Eit par halvtimar eller fleire går likevel greit.
Kjevle ut til 2-3 mm tjukkelse, og stikk ut med pepparkakeformer.
Steikast ca. 8-9 minutt. Følg med!
Avkjølast på rist og oppbevarast i kakeboks.
Pass på ~ desse får faktisk bein å gå på!