NYTT kurs: Mat med meining

I januar 2020 startar opp eit flunkande nytt kurs i regi av Nupen KostogHelse! 

I kurset "Mat med meining" vil du gi kroppen påfyll av matvarer og næringsstoff som kan fremje ei bedre helse. Kurset vil romme matvarekunnskap og maten sin påverknad på helsa, då i retning av å ete meir av dei typane matvarer som ein veit at styrkar immunforsvaret og tarmflora, smørjing for ledda, fordøying i bedre funksjon, betre regulering av blodsukkeret, mindre belastning på insulinutskiljing, bedre hormonstatus i kroppen, auka metabolisme, bedre konsentrasjon og humør. Der er meir på lista, men dette kan du få erfare sjølv. Du skal få ete godt mat, fargerik mat og styrkande mat! Nei, ikkje mat og mengder som gjer at du svulmar opp, men mat som har ein støttande og styrkande funksjon i kroppen. 


Mat med meining, rett og slett! 

INFORMASJON OM "MAT MED MEINING":

  • To kurs skal starte i januar 2020, og du kan velje (ja, før plassane blir tekne!..) mellom: Onsdagar kl. 13:00 - 14:30 eller kl. 19:00 - 20:30 (første gong 15. jan. - veke 3) 
  • 13 stk kursøkter
  • Januar - juni 2020
  • 10 stk deltakarplassar 
  • Kvinner og menn er velkomne - òg aktuelt for par


KURSET INNEHELD:

  • Kursmappe
  • Oppfølging kvar veke i 6 månadar
  • Ny vekemeny til inspirasjon kvar månad
  • Tilrettelegging ved evt. intoleranse eller allergi
  • Jamnleg nye oppskrifter
  • Turgruppe kvar onsdag kl. 18:00 - 19:00
  • Enkel, men god servering
  • 4 stk TANITA- kroppsanalyser
  • Vekt og midjemål kvar kursdag
  • Oppgåver etter nytt tema
  • Lukka deltakargruppe v/ Facebok/ Snapchat
  • Tilbod om deltaking i gruppe for vedlikehold etter sommaren


For vidare informasjon, alle kursdatoar, meir om innholdet og pris, gå vidare til "Tenester" og klikk deg inn på aktuelt kurs (dagtid eller kveldstid).


Påmeldinga er open. Du er varmt velkomen til kurs!