Mindfull eating

Observer deg sjølv - og få mykje meir ut av måltidet ditt!

"Mindfull eating" handlar om at du knyter større merksemd til kvifor du et. Mange opplever tidsklemme fleire gonger i løpet av veka av. Det er nok ein realitet at fleire kjenner tidsklemme og stress x antal gonger om dagen! Du skal frå A til Å av oppgåver, ytre forventningar og eigne krav til deg sjølv innan visse tider. Inn i mellom alt dette; Et du? Har du måltid? 

Å lage seg gode rammer rundt eit måltid kan gje fleire gode fordelar. Dersom du blir meir bevisst på deg sjølv, så er "Mindfull eating" ei god tilnærming til auka matglede, smaksoppleving, måltidshygge og auka næringsopptak. Du kan òg oppleve gode effekter som vektkontroll eller vektreduksjon. Å bli bevisst på måltida sine er tema eg alltid tek opp med mine kundar. Svært mange opplever stresspåkjenning gjennom dagen. Stress kan vere skjult for andre, ved at du stadig har ting å tenkje på. Klart andre kan sjå at du er sliten, men veldig mange greier altfor godt å halde dette skjult. Du uroar deg, er bekymra, kanskje oppgitt, nedfor eller "deppa". Indre stress opptek fokuset, og fører til at kroppen forsyner hjernen med blod, og fordøyinga di får langt mindre merksemd til å behandle mate og drikke som kjem. I stress- og fluktsituasjonar mentalt eller fysisk kjenner ein gjerne på kroppslege reaksjonar. I slike situasjonar, legg du merke til at du et då? Korleis maten smakar? Må du oftare på do eller kanskje motsett; Blir du oppblåst og hard i magen?

Eg oppmodar kundane mine til ei auka bevisstgjering kring måltidsrytme og matvarevalg. Men, kor stor er gevinsten i innsatsen din, viss du et - utan å vere i måltidet ditt?

Neste gong du skal innta eit hovudmåltid; ein matpakke, ein smoothie, ein fargerik salat frå salatbaren eller middag heime hos familien;

  • Du skal gjere berre ein ting, så slå av eller rydd vekk forstyrrande element. Mobil, iPad, PC og TV skal vere utafor di rekkevidde.
  • Pust 5 gode, djupe inn- og utpust, Senk stresset ditt, forhøga puls og skuldrar. Gjer deg klar til å ete

  • Korleis ser maten ut? Kva form har den? Kva fargar har måltidet? 
  • Korleis luktar maten?

  • Tygg maten. Tygg fleire gonger enn du har gjort på lenge.

  • Kjenn på konsistensen.

  • Korleis er smaken? Mild? Sterk? Salt, søtt, surt, bittert eller umami, som ein vellagra ost?


Vi kan alle kjenne oss igjen i å ha blitt "sugen" eller "fysen" på eit eller anna i mellom måltida. Du kjenner eller seier til deg sjølv at no berre du ha eit kvart. Og så stoppar du for å handle nettopp eit eller anna, det er kanskje ikkje så nøye kva- for å imøtekome denne trongen. Eller du går litt på leit i kjøkenskuffa heime. Er der noko fristande i kjøleskåpet eller frysaren? 

I slike stunder; 

  • Kvifor et eller drikk du?

  • Kva er grunnen til at du inntek eit eller anna?

  • Er du trøytt? Lei deg for noko? Er du "deppa"?

  • Kjenner du deg einsam? Er du keisam?

  • Har du vanskelege kjensler?

  • Sit du med negative tankar?

  • Er inntaket ditt ei belønning?

  • Eller er du faktisk svolten?

 

Ved "Mindfull eating" kan du kome nærare måltidet ditt. Eit måltid er gjerne tenkt skal vere ei pause, eit avbrekk frå jobben sine oppgåver eller studier om du er student. Ei matpause skal gi deg muligheit til å fokusere på andre sider. Som å tygge maten, og la smakslaukane (celler) i munnhola og på tunga ause deg med informasjon! Min morfar sa ein gong i barndomen min; "Ingeborg, no må du tygge maten din godt. Tygg 20 gonger!" Det var og er mykje fornuft i våre gamle. Tygg maten din ekstra godt du også, slik at tennene dine får høve til å sende avgårde små, små matbitar vidare i fordøyingskanalen. I munnhole og svelg, med spytt og enzym (proteiner som trekkjer energi ut frå næringsmidla), vil også enzyma få betre arbeidsforhold i høve starten av kjemisk nedbryting og næringsopptak. Eit måltid der du har ro, nok tid og gjerne med hyggelege vener, kollegaer eller familie rundt bordet, vil gjere at du i større grad sender avgårde ei velling nedetter fordøyingskanalen som mage- og tarmsystemet lettare kan nytte seg av. Dette er så spennande, næringsinntak og næringsopptak. 

Du har kanskje lest eller høyrt; 

Du er ikkje berre det du et, men det kroppen din klarer å ta opp.

Mat kan smake så mykje, så ulikt! Korleis smakar din mat neste gong? 




Forskning: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/31368631