Middelhavssalat

Denne salaten får eit høgt terningkast for fargar, grønsaker, kostfiber, protein, fett og gjer deg mett! For mange appellerer eit kosthold inspirert frå Middelhavslanda. Kanskje vil ein middelhavssalat få deg òg til å tenkje tilbake på varme, lune sommarkveldar, god mat og fine folk?


Ingrediensar:

  • 1 raud paprika 
  • 1 agurk 

  • 1/2 raudlauk 

  • 1 boks kikerter

  • 1 pk bacon

  • 1 porsjonspose fullkornsris

Dressing:

  • 4 ss extra Virgin olivenolje

  • 1 ss kvitvinseddik

  • 1 ss sitrondråpar

  • Salt og peppar etter smak

  • Oregano/ timian


Framgongsmåte:

  1. Kok opp risen etter anvisning på pakken. Avkjøle før du heller i salatbollen.
  2. Skjer bacon i tynne strimlar og steik i panne. Avkjøle før du heller i salatbollen. 

  3. Vask grønsakene og skjer opp i terningar.

  4. Skyll kikertene i dørslag under kaldt, rennande vatn. 

  5. Blande alt dette i salatbollen. 

  6. Dressing: Blande ingrediensane i ein beholdar med lokk (til dømes eit reint syltetøyglas med lokk). Rist godt og heller over salaten. Vend dressingen inn i salaten. 


Servere med kvitlauksbrød om du ønskjer. Kanskje eit glas raudvin? Forsyne deg i kvitt og blått servise og drøym deg tilbake til Spania, Frankrike eller dei greske øyer!