Med ønskje om eit fargerikt, styrkande nytt år!!

31/12/2019

I dag er det siste dag i 2019. Du er i ferd med å setje punktum for 2019 og kan kalle dette året fortid. I dag, kanskje i morgon, mest truleg dei neste dagane dine kjem du til å evaluere, Reflektere. Tenkje tilbake på det som vart, det som du gjorde, det du opplevde og korleis du handla.


Fortida har truleg møtt deg på godt og vondt. Du har erfart og tatt til deg på godt og vondt. Du har vore i kvardagen og opplevd mange oppturar, middels- dagar og nedturar. Og det er jo av alt dette vi tek lærdom av - alle saman, og frå begge sider. Noko ønskjer vi at ikkje skjedde, og andre ting skulle vi ønskje kunne vare evig.


Så, no som du er inne i siste etappe av 2019; Kva tek du med deg vidare?


  • Kva handlingar gjer deg godt?
  • Kva rutiner gjer deg godt?
  • Kva menneske gjer deg godt?
  • Kven forstår deg, pushar deg opp og vil deg godt?
  • Kva miljø er det fint å vere i?


Eg refererer til bestemte ord når eg formidler. Desse er til dømes matglede, fargeriket, fargerik mat, styrkemat, styrk deg, nære deg, næring, næringsrik mat, god energi, kosthold, trim, trening, fysisk aktivitet, variasjon, relasjonar, balanse, pust, tid, ro og kvile. Du må gjerne stoppe litt opp ved desse orda når du gjer ei justering inn mot det nye året ditt. Kva trenger du å gjere meir av?


Framtida di, 2020, har 366 dagar. Mange dagar som ligg der framme og ventar på at du skal gripe og setje farge på - på din måte best for deg. 


Men, når kjem det rette tidspunktet for å starte langs eit betre spor? Når er rette datoen? Månaden? Eller tid på året? Er det andre som avgjer dette for deg? Kven er det som bestemmer?


Det er du som bestemmer. Tidspunktet og motivasjonen kjem dessverre ikkje og landar mjukt i fanget ditt. Det er du av alle som skal gjere. Du treng å eige motivasjon i starten. Du må ville sjølv. Du kjenner framtidsmålet er attraktivt for deg. Ååå, dette vil du!! Du kan faktisk inn i mellom kjenne at du vil nyte ferda. Og DET er viktig! For endringar kan så sanneleg vere nydelege å erfare. Etter kvart som du opplever meistring ved ulike områder, så vil meistringskjensla gjelde fleire områder og du kan kjenne den fleire gonger per dag. Denne januar- motivasjonen kan jaggu falme ganske så fort, om du ikkje kjenner på poenget med å repetere og gjere og over tid det som du har starta med. Du meistrar gjerne betre og opplever langsiktig fokus når du gjer små og fleire endringar. Du treng truleg litt tid - og tolmod. Å arbeide med desse små, men viktige åtferdsmåla kan kjennes som ørsmå, irriterande dråpar i havet. Likevel, etter tid og tolmod kan du vere ganske nære eller har passert ditt framtidsmål. I dagane inn i ditt nye år, 2020, så oppmodar eg deg om å planlegge og tenkje SMART. Kva er det du treng? Kva vil du og kva skal du gjere? Og til sist, somme tider den hardaste kneika; Hold avtalane med deg sjølv i kvardagen.


Du er den viktigaste personen i ditt liv. Når du er på plass i deg sjølv -

så er du òg tilstades for dine næraste.


Eg ønskjer du får oppleve eit fargerikt og styrkande nytt år!!

Godt nytt år!! Nyttårsklem, Ingeborg

Facebook: Nupen KostogHelse Instagram: nupen_kostoghelse