Mandelrundstykker

Mandelrundstykke er mitt namn på desse alternativa til rundstykker eller brødskiver. Dei er fri for laktose og gluten, men sjølvsagt kan alle som vil bruke oppskrifta. Desse luftige kulene er snill med blodsukkeret ditt og støttar mettheitsprofilen fram i tid!


Ingrediensar:

  • 1 krus mandlar
  • 5 ss fiberhusk

  • 1 ts himalayasalt

  • 2 ts bakepulver

  • 2 ss eplecidereddik

  • 3 eggekviter

  • 1 krus kokande vatn


Framgongsmåte:

  1. Set steikeomnen på 175 g varmluft. Gjere klar ei steikeplate med bakepapir. 
  2. Knus mandlane i ein blender. 

  3. Blande så alt det tørre i ein bolle. 

  4. Set fram dei våte ingrediensane.

  5. Hell så i det heite vatnet og blande godt. OBS! Fiberhusken vil arbeide fort, så det er ein fordel om du kan ha alt klart til dette steget. 

  6. Ha så i eplecidereddik og til sist eggekvitene. Blande godt!

  7. Deigen er normalt klissete. 

  8. Bruk ei ss og forme små bollar i ei rein handflate. Legg på bakepapiret med litt mellomrom- mandelrundstykka vil heve seg ein heil del.

  9. Steik nedst i omnen ca 45 minutt. 

  10. Avkjøle på rist og oppbevarast lufttett i kjøleskapet. 

Hos meg blir mandelrundstykka tatt godt i mot av ungdomen og vaksne! 


(Inspirert etter dietdoctor.com)