Mandelkyss

Berre av å lese namnet på desse, så kjenner du på glede over noko lite godt! Mandelkyssa er akkurat like behagelege å sette tenna i, som biletet gir inntrykk av. Deilig smak av mandel og mørk sjokolade vil straks breie seg i munnhola di.
Eitt mandelkyss kan vere heilt perfekt!
Ingrediensar:
- 2 eggekviter (spar på eggeplomma og bruk dei i smoothie eller når du lagar saus)
110 g sukrin gold (eller anna søtning du vel)
140 g mandlar
50 g mørk sjokolade (eg nyttar 70% kakaoinnhold)
Framgongsmåte:
- Varme steikeomnen til 150 grader.
Legg fram ei steikeplate med bakepapir.
Pisk eggekvitene stive i rein og tørr bolle.
Tilset så litt og litt av sukrin gold (eller di type søtning), medan du held fram med å piske. Det skal framleis vere som marengs når søtninga kjem i.
Mandlane skal du knuse til mjøl. Bruk ei kjøkenmaskin eller ein blender, som eg nyttar for å gjere frø og nøtter om til mjøl. Tips: Viss du knuser med blender; Ha i ei begrensa mengde mandlar om gongen, slik at du lukkast til å få finmalt nøttemjøl/ mandelmjøl. Ha mandelmjølet i ei skål for seg sjølv inntil vidare.
Bruk rein og tørr kjøkenmaskin eller blender vidare til å knuse sjokoladen.
Blande mandelmjølet og knust sjokolade i felles skål.
Vende så blandinga forsiktig med slikkepott inn i dei stive eggekvitene. NB! Ikkje blande for lenge, for då vil du slå "piffen" ut av dei stive eggekvitene og mandelkyssa vil flate ut under steiking.
Bruk ei ts til å få med deg ein klatt porøs deig på steikeplata. Av denne mengda får du om lag 18 stk mandelkyss.
Steikast midt i omnen i om lag 15-20 minutt.
Etter steiking dreg du bakepapiret av steikeplata og over på ei rist. La dei heite mandelkyssa avkjøle seg heilt, før du smakar på eller legg i ei kakeboks.
(Inspirert etter detsoteliv.no)