Mandelgraut

Denne har eg kalla mandelgraut, men ikkje som julegrauten med mandel i! Denne er derimot proppa med næring for å styrke deg etter inntak i fleire timar. Berre prioritere å setje av nok tid til å nyte - som alltid med mat. 


Ingrediensar:

  • Ca 60 g mandlar (du får kjøpt mandelmjøl, men enklare er det å knuse mandlar sjølv i ein blender)
  • Ca 1,5 dl valfri mjølk 

  • Dryss salt

  • Dryss fiberhusk (psylliumfrø - her brukt til å tjukne)

  • Ei raus handfull frosne bær

  • Smørklatt

  • Kanel/ ceylon

  • Evt søtning


Framgongsmåte:

  1. Mål opp mengde mandlar på kjøkenvekta. Ordne gjerne mjølet sjølv. Gjort i ein fei!
  2. Tilset mandelmjøl, mjølk, fiberhusk (heller for lite enn for mykje) og salt i ein kasserolle. Bruk ein visp og rør jamnt på middels varme. Vere merksam; grauten kan tjukne brått. 

  3. Hell over i ei skål.

  4. Fordel dei frosne bæra langs kanten, legg til eit smørauge og dryss over krydder. 

Nyt måltidet, fargane, konsistens og smak - anten du lagar mandelgraut til frukost, lunsj eller kvelds!