Mandel- nugatti

Har du born eller borneborn som gnagar deg nesten hol i øyrene etter å få nugatti på brødskiva? Eller smører du på til deg sjølv? Nugatti original, den raude boksa, inneheld sukker og nougat, solsikkeolje, kakao, mjølk og hasselnøtter. Mange har reaksjon på hasselnøtter eller i ein kryssreaksjon, og for fleire små og nokre store kan Nugatti overta plassen for meir blodsukkervenleg pålegg på brødskiva til frukost, i skulematen eller til kveldsmat før leggetid. 

Denne oppskrifta har eg leita fram att til deg! Ingrediensane er inspirert av lege Berit Nordstrand, og tilfører ein liten eller større kropp mindre karbohydratar og sukker, og meir protein og fett for å gjere magen og arbeidshjernen meir fornøgd! 


Ingrediensar:

  • 200 g mandlar
  • 5 ss honning

  • 1 dl vatn

  • 100 g smør

  • 100 g mørk sjokolade (min. 70% kakao)

  • 1 ss kakao

  • 2 ss extra Virgin olivenolje

  • 1/2 ts salt


Framgongsmåte:

  1. Hell mandlane på steikeplate med bakepapir.
  2. Rist mandlane i omnen på 180 gr i 7 min. 

  3. Avkjøle mandlane på ein tallerken. 

  4. Smelt smøret i kasserolle og tilset vatn. La det få eit oppkok før du har i honning. Rør saman. 

  5. Hell dei avkjølte mandlane i ein blender eller ei kjøkenmaskin. Knus til mandelmjøl, eller stopp litt før om du vil ha mandel- nugatti med litt knask i. 

  6. Ha sjokoladebitar opp i kasserollen med smør-vatn-honning- blandinga, og la sjokoladen smelte i. Rør saman. 

  7. Hell mandelmjøl og væskeblandinga med smelta sjokolade opp i ein bolle til kjøkenmaskin. Tilset no kakao, olivenolje og salt. 

  8. Blande alt godt saman. 

  9. Hell over på eit glas med lokk. Eg har våra ståande på kjøkenbenken der sola ikkje kjem til. Set glaset kaldt om du vil - og om du med normal handmakt får kniven lett gjennom.