Laksewrap

Middag på 15 minutt - det kan passe i ein kvardag der livet skjer! Ha tilgong til grønsaker, rømme, ørret/ laks, kvitost, kikerter, krydder og grove tortilla, så er mykje gjort!
Ingrediensar:
- 1 stk fullkorn tortilla
1 filét ørret eller laks
Rapsolje
Salat
Agurk
Raud paprika
Rømme
Kikerter
Salt
Peppar
Kvitlauksfedd eller -krydder
Framgongsmåte:
- Varme tortilla i steikjeomnen, 225 gr ca. 5-7 minutt.
Hell ein dæsj rapsolje på steikepanna ved middels varme.
Krydre filéten med salt , peppar og kvitlauk. Steik fisken frå begge sider.
Skylje alle grønsakene. Kutt paprikaen i stavar og agurken på langs i skiver.
Skylje kikertene i eit dørslag.
Reinske filéten om det trengs og del opp i mindre bitar på steikepanna.
Bre rømme utover tortilla. Legg på kvitost og den varme fisken på eine halvdelen.
Fordel så grønsakene og kikerter til sist.
Brett så saman tortilla på ditt vis ~ her er det fleire måtar til mål! ;)