Kyllingkraft

Å ha porsjonar av heimelaga kraft i frysaren basert på gode råvarer, DET gjer seg nesten sjølv! Dette er noko alle kan klare! Så, etter ein kyllingmiddag er det berre å setje i gong. Kasserollen skal stå og putre nokre timar, så her kan du få mykje godt gjort i heimen medan ~ eller du tek ei pause på din måte. Uansett, dette blir godt!! 

Planlegg å koke kraft neste gong du har kylling til middag!!

Ingrediensar:

  • 1-2 kyllingskrog eller 1 heil kylling
  • 1 lauk

  • 2-3 stangselleri

  • 2 gulrøter

  • 1 ts eplecidereddik

  • 2 laurbærblad

  • Ca 3 liter vatn

  • Salt og peppar


Framgongsmåte:

  1. Del grønsakene i grove bitar og ha dei i ei gryte saman med kyllingskroga eller den heile kyllingen.
  2. Fyll på med vatn til alt er dekt. 

  3. Tilset eplecidereddik, laurbærblad, salt og peppar. 

  4. Kok opp. La småkoke så lenge du har tid, i alle fall 3-4 timar.

  5. Sil krafta gjennom eit dørslag og kast grønsaksrestane. Heile kyllingbein kan du fryse og bruke opp att til same formål - og kyllingkjøtet kan du bruke i gryter eller salat.

  6. Kok opp ein gong til for å redusere væska, og gjere krafta meir konsentrert. 

  7. Hell over på glas, avkjøl og set i frysaren. TIPS: Ta vare på tome glas med lokk, desse eignar seg fint. 

  8. Bruk krafta i supper eller gryter, tilset berre vatn til ønska mengde. 


Oppskrift frå Anita bak boka "Kvardagsmat".