Kvardagsvafler

I dag ga sola ei påminning om at ho greier fint å varme oss endå, ein haustdag i september. Då kom det eit ønskje frå mannen i huset; Ska' me lage oss vafler ute? Og so vi gjorde, det kom fleire til bordet, og oppskrifta til vèl 16 plater får du her:
Ingrediensar:
- 100 g smør
6 egg
Ca 1 L mjølk
Ca 250 g fullkornskveitemjøl
Ca 200 g lettkokte havregryn
Ca 200 g finmalt spelt
2 ts sukrin gold
1 ts bakepulver
1 ts salt
1/2 - 1 ts kardemomme
Framgongsmåte:
- Smelt smøret.
Bland godt egga, gjerne i ein handmiksar.
Tilset dei tørre ingrediensane sånn litt om litt med mjølka.
Ha til sist i smelta smør og bland noko vidare.
Om du har tid til å la røra stå litt og svelle, så er det berre fint. Det vart det ikkje tid til her i dag ~ og vaflene vart meget gode utan "svelle- tid" òg!
Steik vaflene på medium varme og nyt med valfritt tilbehør!
Vaffelplatene står seg godt tildekt i kjøleskåpet, og gjer seg godt i matboksa til skuleborn - og -ungdom. Hugs på smør og proteinrikt pålegg ~ og ein raus neve fargar! :-)