Krispi knekkis

18/10/2020

Passeleg tynne, krispi, magevennlege, smaksrike og anvendelege knekkebrød! Kan funke også i mindre ruter på ostefatet ditt! Snakk om blodsukkervennleg!! Under får du info til eitt brett/ langpanne knekkisar: 


Ingrediensar:

  • 40 g havremjøl (knus havregryna til mjøl i din blender eller stavmiksar)
  • 50 g chia
  • 40 g graskarkjerner
  • 50 g solsikkekjerner
  • 50 g linfrø, knuste (PS! Har du dei heile? Knus dei saman med havregryna!)
  • 2 ts Fiberhusk
  • 1/2 ts ceylon/ kanel
  • 1/2 ts salt
  • 3 ss cocosa nøytral smak, smelta
  • 2,5 dl kokt vatn


Framgongsmåte:

  1. Forvarme steikeomnen til 150 g over- og undervarme. 
  2. Legge klar 2 stk bakeark og langpanna. Finn fram kjevle og eit pizzahjul.
  3. Knust evt havregryna og linfrø til mjøl. 
  4. Blande alle dei tørre ingrediensane i ein bakebolle.
  5. Bland så i varmt vatn og smelta cocosa. Rør godt. Massen blir om få sekund fastare og fastare, og deigen skal vere fast, men glatt. 
  6. Legg deigen opp på eine stykket bakeark, og eit ark opp på. Kjevle ut til du får dekt langpanna. 
  7. Dra av øvste bakearket, og rute opp med pizzahjulet i ønska rutestorleik. 
  8. Steikast i 45 minutt på nedste rille.
  9. Avkjøl på rist og oppbevar i luftett boks.


Nyt avkjølte med smør og ditt favoritt-pålegg! 

Så skjønar du straks at neste gong vil det vere smart 

å doble eller triple mengda! ;-) 

Facebook: Nupen KostogHelse Instagram: nupen_kostoghelse