Kokostoppar

Topp kokostoppar! Runde kuler som lett brekker lekkert når du set tenna i dei! Ha tolmod og vent til kokostoppane er heilt avkjølt og har fått sett seg. Dei er nydelege!


Ingrediensar:

  • 1 eggekvite
  • 1 måleskei (1 ml) vaniljepulver (eller frøa frå ei vaniljestang)

  • 130 g melis (eg brukar sukrin- melis)

  • 160 g kokosmasse


Framgongsmåte: 

  1. Varme steikeomnen til 175 grader. 
  2. Gjere klar steikeplate med bakepapir.

  3. Pisk eggekviten.

  4. Tilset vaniljepulver eller -frø og melis litt og litt, medan du held fram å piske. 

  5. Vend inn kokosmassen. 

  6. Bruk hendene og forme toppar (kuler) med mengde frå 1 ss.

  7. Set toppane på steikeplata og steike i omnen 10-15 minutt. Steiketida kan variere, så her skal du følgje med. Mine må oftast stå litt lenger. Toppane skal bli lett gylne og lysebrune. 

  8. Etter steiking dreg du bakepapiret over på ei rist, slik at kokostoppane får avkjølt seg heilt. 

  9. Oppbevar i ei kakeboks. 

Snerte å ha i bakhand viss det skulle banke på døra? Er også eit fint gåvetips!


(Inspirert etter Greta Bjørkli)