Kakao- og nøttepletter

Eg legg ikkje skjul på at eg er ein sjokolade-elskar!! Heller ikkje at eg kan nyte ein knekk eller tre fleire gonger i veka enn laurdag. Med økologisk kakaopulver, cocosa, nøtter og frø kan ein plett eller to vere akkurat ~ perfekt ~ til kaffikoppen etter middag.
Ingrediensar:
- 75 g cocosa nøytral
80 g råkakao/ kakaopulver
4 ss sukrin gold
80 g cashewnøtter
1,5 ss varmt vatn
3 dråpar stevia vanilje
1 klype salt
1 ss sesamfrø
1 ss graskarkjerner
1 ss chia
Framgongsmåte:
- Smelt cocosa.
Bland cocosa, kakaopulver og sukring gold i ein bolle.
Hakk cashewnøttene og graskarkjernene. Bland dette med sesamfrø og chia i ein annen bolle. Ha i vatn og bland godt.
Fordele 12 muffinsformer på eit brett eller fleire små mindre konfektformer.
Fordele så nøtteblandinga først i formene.
Ha over kakaoblandinga.
Set formene i kjøleskap i 1-2 timar.
Set tilbake i kjøleskapet når serveringa er ferdig ~ om der er fleire igjen ...
Konfekt med mykje god næring ~ og du blir fornøgd etter eit par stykk!