Havreflarn

Her får du knasande havreflarn, eller havrekjeks om du vil, i eit utgåve som kan falle i smak hos fleire. Av denne mengda kan du lage 10-12 store kjeks, eller du gjer som eg; Doble mengdene av ingrediensar og lage ca. 30 stk mindre havreflarn (som biletet).
Mmmm; "Smeltar på tunga, mamma!", som eine bornet mitt kommenterte.
Ingrediensar:
- 75 g smør
100 g lettkokte havregryn
1 egg
50 g sukrin (eller anna søtning du vel)
1 ts bakepulver
Framgongsmåte:
- Varme steikeomnen til 200 grader. Kle ei steikeplate med bakepapir.
Smelte smøret.
Pisk eggedosis av egg. OBS! Pisk egget/ egga luftig før du tilset søtninga.
Tilset så litt og litt søtning medan du held fram å piske eggedosisen.
Blande havregryn og bakepulver i ein bolle. Tilset smelta smør og blande godt.
Bruk ein slikkepott til å vende inn forsiktig eggedosisen med havregrynsblandinga.
Bruk ei ts til å legge blandinga på steikeplata. Du skal rekne med at blandinga siver ut under steiking, så berekne litt plass på plata.
Steiketid: 6-9 minutt, midt i omnen. Her må du vere på vakt. Havreflarna skal bli gylne og lett brune i kantane.
Trekk steikepapiret med havreflarna over på ei rist, og la dei avkjøle heilt.
Oppbevar i ei kakeboks.
(Inspirert etter Greta Bjørkli)