Happy Friday!

 

I morgon, fredag 29. november er det "Black Friday". Eg vel å heller å gå for "Happy Friday" og tilby DEG muligheita for gjere ein god og glad avtale med deg sjølv.

Dagleg brukar eg dette verktøyet i møte med mine kundar. Det er eit verktøy som kan føre deg tettare til dine handlingar langs vegen mot målet ditt. Så, om du har i tankane eller fokuserer for å gå ned i vekt eller treng å gå opp i vekt, så vil oppfølgingar her gjere det lettare for deg. Du vil attpå få kostholdsråd som vil støtte deg fram til målet. Det du et og drikker, eller det som du ikkje inntek, kan vere blant årsakene. 


Kan hende du kjenner og veit om nokon som treng ei slik gåve? Dette er forresten ei gåve som ikkje treng å ta slutt. Det er inga gåve du opnar opp, gler deg over ei stund og så er den tom. Dei endringane som kan oppstå undervegs, kan vere endringar som etter kvart skjer neesten utan at du, eller den som får, tenkjer over rutinene. Ei sunn, fargerik og sterk handling som kan vare lenge!


Happy Friday- tilbud: Kroppsanalyse- pakke 1 eller 2


  1. Kroppsanalyse pakke 1: 3 stk kroppsanalyser, måleband midje og kostholdsråd kr. 792,- (du sparar kr. 198,-). Ei analyse + måling + samtale tek 30 minutt.
  2. Kroppsanalyse- pakke 2: 6 stk kroppsanalyser, måleband midje og kostholdsråd kr. 1584,- (du sparar kr. 398,-). Ei analyse + måling + samtale tek 30 minutt.


Kva er ei kroppsanalyse?

TANITA kroppsanalyse- vekt gir deg langt meir informasjon om di helse enn ei ordinær baderomsvekt kan gjere. Du har kanskje opplevd å bli fortvila over situasjonen når badevekta viser at vekt kg ikkje rikkar på seg slik som du fokuserer for? Her er det lett å kjenne på dalande motivasjon og sleppe taket på gode vanar. 

Du møter til ei kroppsanalyse etter nokså like rammer. Det vil seie at du har avtale med meg om morgonen, eller 2-3 timar etter du har inntatt eit måltid. Anten har du trena før du kjem kvar gong eller ikkje. Du skal ikkje helle innpå med drikke før du kjem, og så stikk du innom toalettet før avtale. 

Du står på apparatet barfota, og apparatet vil sende trygge, høgfrekvente bølgjer (dobbelfrekventert BIA- teknologi) - som du ikkje merkar noko til, gjennom kroppen. Dei elektriske signala passerer raskt gjennom vatn som er tilstades i muskelvev, men som vil møte og måle motstand ved mengde fettvev. Forbehold for gravide, personar med pacemaker eller plater/ skruar i kroppen. Born, tenåringar og ungdom med vektutfordring frå 5-17 år kan bruke kroppsanalyse langs vegen til bedre helse. Dette skjer i samråd med føresette. Elles vil vaksne frå 18 år motta ei kvittering med følgjande opplysningar og anbefalingar frå WHO (Verdas helseorganisasjon):

  • Kroppsfett i %
  • Fettmasse i kg
  • Fettfri masse i kg
  • Muskelmasse i kg
  • Kroppsvæske i %
  • Body Mass Index (BMI)
  • Knokkelmasse i kg
  • Vurdering av kroppsbygging
  • Visceral fettmåling ("innfettet", fett plassert kring indre organ i bukhola)
  • Kvileforbrenning (BMR) i kcal (gunstig for å vite mengde mat kroppen treng)
  • Kvileforbrenning (BMR)
  • Indikator
  • Metabolsk alder (å "føle seg ung" - ja, kan stemme det!)
  • Utskrift/ kvittering av dine målingar

Maks vekt er 270 kg med 100 g presisjon. 


Happy Friday- tilbudet gjeld fredag 29/11 frå kl. 07:00 - 21:00. Gå til fanen > KONTAKT og send inn di bestilling :-) Frå måndag 2. desember kl. 09:00 - 15:00 kan du kome innom og hente din handel. Du kan også få dette på gåvekort i handa, eller tilsendt til din epost!