Grovblingsar i høgda

Summen av eit brødmåltid kan vere ganske sprikande. Du kan bli svolten igjen etter halvannan time, eller måltidet kan holde deg på ein god drivande arbeidsflyt endå lenger. Når eg et brød, så bygger eg i høgda for å bli mett. Ei eller to brødskiver, vere raus med pålegg for protein, ikkje vere redd for fettkjelder - og slett ikkje grønsakene! Køyr på! 


Ingrediensar:

  • 1-2 grovskiver (eg rår til at du vel 76-100 grovheitsprosent)
  • Smør

  • Proteinrikt pålegg, gjerne 2 skiver på kvar brødskive

  • Salatblad

  • Pesto

  • Grønsaker du har i kjøleskapet (tomat, agurk, paprika, lauk, sukkererter, raspa gulrot...)

  • Majones


Framgongsmåte: 

  1. Breie på smør, pålegg og legg over salatblad. 
  2. Legg på klattar av pesto over salatblada. 

  3. Fordele grønsakene på toppen, og sirkle lett over med majones.

  4. Finn fram bestikk - og njuta!!


Vere raus med grønsakene, kanskje slik at det ramlar litt av blingsane. Ei gyllen mulegheit til at du får i deg ein blid porsjon grønsaker frå morgonen av!