God jul, kjære kunde og følgjar!

Så er endeleg jula komt i år også. Og heldig er vi som kan glede oss ein gong til. Denne lune, stemningsfulle tida på året som gir både born og vaksne håp, glede og forventning. Mange ønskjer seg å kjenne på rolegare tid, omtanke og kjærleik. Å vere saman med dei menneska som betyr noko for ein. Å ete god mat og drikke som høyrer jula til. 


Det er mykje ein kan kjenne på desse dagane. Du set kanskje krav og forventningar til deg sjølv. Slik som andre styrer på, ordnar og steller til, det skal du ikkje gjere noko verre? Kjensler og minner blir gjerne forsterka desse dagane. Det kan vere at ein blir sliten av alt som "bør" kome på plass. Det kan bli for mykje, ei byrde. Ein kan kjenne seg sliten. Ein kan kjenne på sakn etter den eller dei som ikkje er på jorda. Menneske som er vekkreist. Kanskje har du dine tankar og behov for korleis du ønskjer å ha det i jula og i dine fridagar, som ikkje er identiske med andre sin mal?



Med denne julehelsinga ønskjer eg å sende ei oppmoding til mine kundar og til deg som følgjer ~ og til deg som lurer på å ta kontakt. Det er ei spesiell tid på året. Ei tid og dagar der ein kan kjenne på at det kan vere mykje å "leve opp til", samstundes som ein gler seg veldig over tida som kjem. Eg ønskjer at du framleis klarer å kjenne på kva det er du vil. Dette er eit tema som vi ofte tek opp, sant vel? Kva trenger du å gjere desse dagane? Kva vil du prioritere? Kva trenger du å gjere meir av? Er det noko du greier å prioritere betre? Eg håper at du som er under oppfølging og samarbeid med meg, klarer å finne balansen mellom alle godene. Eg ønskjer at du greier å kjenne på den gode helsa når det er jul. Ved avbrekk frå ein stundom travel kvardag, som vi no tek eit steg vekk i frå, håper eg at du får til å bygge energi. Velje dei prioriteringane som gjer at du kjenner på velvære, eit godt hjarte, djup og god pust, ein kropp som kan og auge som gnistrar! At DU er eit menneske andre syns det er hærleg å vere saman med! Høgtid og fridagar kan gi rom for energipåfyll, og det klarer du så godt! Og du har lov til å kjenner etter dine behov, ei stund, kvar dag. Det treng du muligens ei påminning om?..


Eg ønskjer deg som les ei varm, nær og god jul! Ta vare på deg sjølv ~ og ta vare på dine! 

Ein varm juleklem kjem frå Ingeborg!