Fiskepinnar
02/09/2020

Tin torsken (eller annan kvit fisk!) og ordne sjølv fiskepinnane! Desse er dessutan gluten- og laktosefrie, dersom du treng å ta omsyn til det! Fisk er rik på protein, og du blir behageleg mett. Desse fiskepinnane er ekstra proteinrike!!
Ingrediensar:
- 4 porsjonsfilétar kvit fisk
- 2 egg
- sesamfrø
- salt
- peppar
- smør
Framgongsmåte:
- Tin fisken i kjøleskapet kvelden før.
- Smelt ein smørklatt på steikepanna, og skjer opp filétane i litt over 0,5 cm tjukkelse.
- Visp egga i ei skål.
- Hell sesamfrø i eigen skål.
- Vend fisken i egg.
- Dryss over sesamfrø, eller vend fiskestykka i frøa.
- Steik så fisken på begge sider.
- Dryss over salt og peppar.
Servere fiskepinnar med ønska tilbehør. God fiskemiddag!