Fiskegryte

Ei fyldig fiskegryte er så godt! I denne kan du putte i dei grønsakene du har tilgjengeleg i kjøleskapet, eller du handlar inn det som kjem i ingredienslista under. Når eg har denne til middag, så brukar eg stundom flatbrød m/ smør til. Mengda rekk til familie på fire. 


Ingrediensar:

  • Torskefilét 4 stk
  • 3 gulrøter

  • 1 medium søtpotet

  • 3 medium poteter

  • 1/2 stor eller 1 liten kålrot

  • 1/2 - 1 gul lauk

  • Nokre cm vårlauk eller purrelauk

  • Creme fraiche 1 boks

  • Salt og peppar

  • Smør

  • Vatn


Framgongsmåte:

  1. Ta opp fisken til tining om morgonen. Set den gjerne i kjøleskapet fram til matlaging. 
  2. Når filétane er tinte; Legg litt kjøkenpapir eller eit klede på ein tallerken. Legg filétane på slik at vatn får trekke litt ut. 

  3. Krydre filétane med salt og peppar.

  4. Smelt litt smør i steikepanna og brune lett fisken på begge sider. Når fisken begynner å dele seg, så kan du dele opp vidare med steikespaden i bitar. 

  5. Reinske lauken og skjer opp. Ha lauken over i steikepanna m/ fisk og la bli gyllen. 

  6. Skylje og reinske grønsakene. 

  7. Skjer i jamnstore terningar; gulrot, søtpotet, potet og kålrot. Kok møre.

  8. Legg fisken og lauken over i ein bolle. Bruk steikepanna vidare og varm opp creme fraiche. Tilset vatn til ønska sauskonsistens. Smak til med salt og peppar. 

  9. Før tilbake fiskebitane, lauken og grønsaken i steikepanna med creme fraiche. Vend lett på gryta. 

  10. Kutt opp vårlauk/ purrelauk og dryss over ved servering. 


God middag!!