Fiskegryte m/ karrismak

Det er ikkje mykje som slår ei heimelaga fiskegryte med fyldig smak! Personleg likar eg smaken av karri til kvit fisk. Suppa kan få dei fargane av grønsaker som du vel å tilsetje. Slik kan du bruke opp ei einsam gulrot, nokre få poteter eller ein halvfull pose i frysaren med grønsaker. Ved servering er det for mange obligatorisk med flatbrød til. Kanskje for deg også?

Ha alltid frosen fisk i frysaren, så skal du sjå kor lett du kan lage ei god fiskesuppe på ein kvardag!


Ingrediensar:

  • 5 poteter
  • 1 stor gulrot

  • 4 torskefilètar

  • 1/2 raud paprika

  • 4 ss creme frâiche

  • 2 ss matfløte

  • Kokevatn frå grønsakene

  • Salt og peppar

  • 1 ts karri

  • Smør


Framgongsmåte:

  1. Skrell potetene og gulrota. Tilset i ein kasserolle. 
  2. Eg hadde ca 1/2 pakke grønsaker frå ein pose "Classic wok", som eg også brukte. Kanskje har du frosne grønsaker du kan bruke? Eller andre ferske grønsaker?

  3. Hell vatn i kasserollen til vatnet dekkjer grønsakene. Kok grønsakene 'al dente.

  4. Skjer fiskefilètane i terningar og varme til gyllen farge i smelta smør på steikepanna. Dryss over salt og peppar. Du kan droppe dette steget, og istaden la fisken trekke i 5-8 minutt i suppa før servering. 

  5. Når grønsakene er ferdig kokte > Hell av kokevatnet, MEN behold rundt 1/3 i kasserollen. Ha opp i paprika i terningar. 

  6. Tilset creme frâiche og matfløte. Bland med ei sleiv. 

  7. Tilset karri og smak til med salt og peppar. 

  8. Legg i fisketerningane ...


… og god middag!!