Fiberrike rundstykker

Er det usemje i heimen om rundstykker? Nokon likar å kjenne litt tyggemotstand - og andre grin på nasen? Helst ingen frø, nøtter eller heile korn? Prøv deg på desse - og sjå om floken er løyst! Hos oss er det ikkje ein smule att når desse blir servert!
Ingrediensar:
- 4 ss linfrø
3 ss graskarkjerner
3 ss solsikkefrø
8 valnøttkjerner
2 ss smør
1/2 pk tørrgjær
5 dl lunka vatn
1/2 ts salt
Eit dryss anis
8 dl Fibra Fullkornskveitemjøl (pluss ekstra til utbaking)
Evt chia eller valmuefrø
Anis gir ein spennande og god smak på rundstykka. Eit lite dryss er nok!
Framgongsmåte:
- Smelt smør i kasserolle.
Ha tørrgjæren i bakebolle og tilset lunka vatn.
Hell smelta smør og salt i gjærblandinga og bland med visp.
Knus linfrø, graskarkjerner, valnøttkjerner og anis i ein blender eller kjøkkenmaskin. Det skal bli finmalt som mjøl.
Tilset litt og litt av dei knuste frøa og kjernene i bakebollen. Bruk gjerne ei kjøkenmaskin, eller visp godt mellom påfylla.
Gjer det same med fullkornskveitemjølet. Elte godt med ei tresleiv/ kjøkenmaskin eller ei rein hand. Deigen skal sleppe bollen, men vere litt klebrig enn å bli for tørr av mjøl.
Forhev 45-60 min i bakebollen under eit klede.
Kna deigen på kjøkenbenken. Del opp i 16 emner.
Forme til 16 stk rundstykker og legg på steikeplate med bakepapir.
Etterhev 30-45 min under klede.
Pensle med vatn om du vil og strø over chia eller valmue.
Steikast midt i omnen > 220 gr i 12-15 min. Følg med!
Avkjøl på rist og server til alle i familien!