Tomatsuppe

Altså, tomatsuppe hevar seg nokre nivå opp når du lagar den sjølv! Denne utgåva laga eg for ikkje lenge sidan, og junior i huset, som veit kva han likar, ga tommel opp til suppa. Så kjekt og så god som den er! Denne kjem straks tilbake på våra middagsbord!

Oppskrifta kjem frå ei anna Ørsta- dame, Anita Stokke Blomvik. Ho lagar mykje fin kvardagsmat! 


Ingrediensar:

  • 1 lauk
  • 1 ss rapsolje

  • 2 fedd kvitlauk

  • 1 ss tomatpurè

  • 1 ts timian

  • 800 g hermetiske tomatar

  • 10 dl kyllingkraft

  • 1 ss sukker

  • 1 ts salt

  • 1/4 ts peppar

  • 1 skvett fløyte, mjølk eller kremost til servering


Framgongsmåte: 

  1. Fres laukterningar i olje i kasserolle.
  2. Tilset finhakka kvitlauk, tomatpurè og timian. La surre i eit par minutt. 

  3. Hell over hermetiske tomatar og kraft. 

  4. Kok opp, ha i sukker, salt og peppar. 

  5. La småkoke i 10-15 minutt. 

  6. Kok opp litt pasta om du vil ha det i suppa. Det same gjeld eggebåtar. Tilset pasta etter pkt. 7.

  7. Køyr suppa glatt med ein stavmiksar. 

  8. Server med ein fløyteskvett og evt eggebåtar!