Fargerik kylling- wrap

Du som kjenner meg veit at det skal mykje til for å toppe eit styrkande og fargerikt måltid! Denne dagen vart det kveldsmat til middagstid, og så vart det nydeleg middag når det etter planen skulle vere kvelds. Ja ja, dette kan eg for øvrig skrive utfyllande om i eit anna innlegg.. Her kan du få tips til kva du kan fylle tortilla med, anten middagen er kl. 16:00 eller 20:00! Mengde til 1 person:


Ingrediensar:

  • Smør
  • 1-2 fullkorn tortilla- lefser (str medium)

  • Rømme (mmm, seterrømme)

  • Kyllingfilét 100-150 g

  • Valfritt krydder (eg nytta restar av tandoori, ekstra chili, himalayasalt, kvitlauk, paprika, spisskummen, 

  • 2 ss mango

  • 1-2 ss sjalottlauk (gul lauk/ raud lauk)

  • Dryss vårlauk

  • 10 rause strimlar raud paprika

  • 2-4 skiver kvitost

  • Evt kokoschips

  • Evt taco- saus (medium/ hot)


Framgongsmåte:

  1. Lune tortilla i steikeomnen ca. 10 minutt ved 180 grader. 
  2. Smelt ein klatt smør i steikepanna medan du kuttar kyllingfiléten i mindre terningar.

  3. Gjennomsteik kyllingen og la terningane bli gyllen. Bland i valfritt krydder - og så smakar du til undervegs. 

  4. Vask grønsaker og skjer opp. 

  5. Fyll opp; Smør rømme på den varme tortilla. Vere raus med styrkande kyllingbitar og legg over kvitost. Set til farge med mango, lauk, vårlauk og paprika. 

  6. Eg hadde også kokoschips og eit glas med hot tacosaus som funka perfekt! 

  7. Reknar med du ikkje klarer å vente; Nyt maten med det same!


Mmmmm! Smeise, så godt! Restefest, smaksfest, fargefest!