Eggerull

Eggerull med spekeskinke og kvitost


Krydre gjerne med oregano, basilikum, kvitlauk, salt og peppar. Tilset ei raus handfull krispi paprika attåt, og du får eit fargerikt, lettvint og styrkande måltid! 


Ingrediensar:

  • Smør
  • 2-3 egg

  • Spekeskinke eller anna pålegg

  • 2 skiver kvitost

  • Tørka oregano, basilikum, kvitlauk

  • Salt og peppar

  • Raud paprika


Framgongsmåte:

  1. Smelt smør i ei steikepanne.
  2. Visp saman egg i ein bolle, og dryss i tørka krydder. Eg likar godt smaken av krydder, så eg rådar deg til å prøve deg fram med mengdene. 

  3. Dryss over salt og peppar, og blande alt lett ein gong til.

  4. Hell over i steikepanna på middels varme. 

  5. Når omeletten er begynt å setje seg så vender du omeletten. 

  6. Steik nokre straksar til vidare, før du legg over spekeskinke eller anna valfritt pålegg og osteskivene. 

  7. Vask paprikaen og skjer opp i stavar. Legg over på tallerkenen. 

  8. La gjerne osten smelte litt, før du rullar han saman, evt deler han i to og legg over på tallerkenen.

Mmmmm! Nyt maten!