Cloud bread

04/12/2019

Desse brøda, som smeltar på tunga, er glutenfrie og mettande. Dei er laga på få straksar, og du kan bruke dei som underlag til pålegg, som hamburgerbrød, som alternativ til loff når du skal ha rekeaften eller til matpakken. 2 slike, pålegg og noko fargerikt og du er fornøgd!


Ingrediensar:

  • 3 egg
  • 3 ss naturell kremost

  • 1/2 ts bakepulver

  • 1 klype salt

Av denne mengda får du 6 stk.


Framgongsmåte:

  1. Varme steikeomnen til 150 grader.
  2. Skilje eggekvita frå plomma (plommene i annan bolle), og pisk kvitene stive i eigen bolle. 

  3. Bland saman med eggeplommene; naturell kremost, bakepulver og salt. 

  4. Vend så forsiktig eggeplomme- blandinga inn i dei stive eggekvitene. Pass på å ikkje slå lufta ut av kvitene. 

  5. Bruk gjerne ei ss til å legge 6 klattar røre opp på steikeplate med bakepapir. 

  6. Steikast 25-30 minutt midt i omnen til gyllen farge.

  7. Avkjøle cloud breads på rist. Nytast ferske, men avkjølt. Dersom du løyver nokon, så stable med matpakkepapir i mellom seg på ein tallerken i kjøleskapet.


(Oppskrift: Carolin Næss)

Facebook: Nupen KostogHelse Instagram: nupen_kostoghelse