Chiagraut med frukt

23/08/2019

Chiafrø har inga storslagen smaksoppleving, men dei små frøa er store på mykje anna! Dei kan stabilisere fordøyinga di med si fine mengde kostfiber, og gir deg mettheitskjensle med ei raus mengde protein og fett. Chia syg til seg væske og mangedoblar sin eigen storleik. Sidan frøa er smaksnøytrale er dei så anvendelege; som her i ein kjøleskapsgraut, i bakst, frukostblandingar eller som tjukningsmiddel.


Eple, banan og peanøttsmør gir god smak på denne. Kanel må ikkje gløymast, som er prikken over i' en!

Ingrediensar:

  • 2 ss chia
  • 1 ss havregryn

  • 2 dl mjølk (valfri type mjølk)

Topping:

  • 1/3 banan
  • 2-3 skiver eple

  • Kanel

  • 1-2 ts peanøttsmør


Framgongsmåte:

  1. Tilset 2 ss chia i eit reint glas (med lokk som passar til om du skal ta med ut om morgonen!).
  2. Tilset mjølka og blande godt. Sjå til at du får "løfta" frøa opp frå botnen.

  3. Plasser i kjøleskapet (frøa mangedoblar storleiken sin, så etter nokre timar er mengda annleis!), og la frøa få svelle eit par timar. Rør godt i glaset før måltidet, evt hell over i ei skål. 

  4. Ete heime? > Ha blandinga over i ei skål eller eit glas. Topping: Skjer opp bananen i små terningar og fordel over chiagrauten. Dryss over litt kanel. Stryk lett utover peanøttsmør. Skjer opp epleskivene i små terningar. Avslutt med lett dryss kanel.

  5. Til å ta med ut i jobbveska? > Om morgonen; ta grauten ut av kjøleskapet og blande godt i glaset med ss. Tilset toppingen. Set på lokket og stikk på jobb!

Facebook: Nupen KostogHelse Instagram: nupen_kostoghelse