Chiagraut med bringebær

Chiagraut med bringebær


Mmm, dette var ein gjengangar i kvardagane mine ved våren som var! Enno nyt eg den friske smaken av bringebær- og det er like godt kvar gong dette er til frukost eller lunsj. Dersom du førebur grauten i eit glas om kvelden eller morgonen, så er dette eit lettvint måltid på farta- om du er i jobbærend eller du veit at der du er, så vil det vere kinkig å få handla deg noko blodsukkervenleg. Skru på lokket- og gå!


Ingrediensar:

  • 2 ss chiafrø
  • 2 dl valfri mjølk

  • 2 dl frosne bringebær eller andre bær

  • Valfri søtning i moderate mengder (eg brukar sukrin gold eller honning)

  • Ved servering i skål er det fint for auget også å toppe med tinte bær og nøtter


Framgongsmåte:

  1. Tilset 2 ss chia i eit reint glas (med lokk som passar til om du skal ta med ut om morgonen!).
  2. Tilset mjølka og blande godt. Sjå til at du får "løfta" frøa opp frå botnen.

  3. Ete heime? > Hell i 2 dl bær øvst i glaset. Plasser i kjøleskapet (frøa mangedoblar storleiken sin, så etter nokre timar er mengda annleis!), og la frøa få svelle eit par timar. Rør godt i glaset før måltidet, evt hell over i ei skål. Tilset valfri søtning og evt topping. 

  4. Til å ta med ut i jobbveska? > Hell i 2 dl frosne bær øvst i glaset, og tilset valfri søtning og evt nøtter. Når du nyttar frosne bær, så er du ikkje avhengig av å oppbevare i kjøleskap. Blande godt med skei i glaset før du et.