Chai- lattè

Mmm! Eg rører i kasserollen med mjølk i, og lukta av krydder spreier seg lett frå kjøkenet til stova. Du tenkjer kanskje at desse sortane krydder høyrer jula til, men eg ordnar meg lett eit krus heimesnikra chai- lattè om det er mai, september eller desember. Er du ein krydder- elskar? Prøv du også!


Ingrediensar:

  • 2 ts kardemomme
  • 2 ts kanel

  • 1 ts malt muskat

  • 1 ts malt nellik

  • 1 ts malt ingefær

  • 1 ts peppar

Ingrediensane er inspirert frå Caluna.no


Framgongsmåte:

Blande alle sortane krydder i eit glas eller krukke med lokk på. 

  1. Varme valfri mjølk, omtrent mengde eit krus. Eg har ikkje prøvd denne blandinga med kokosmjølk, og lurer på om smakane vil kræsje. Prøv gjerne! Ved havre- eller mandelmjølk får du truleg ein lun smak. Toler du kumjølk, så brukar du det. 

  2. Ta 1 ts av denne blandinga og visp i den varme mjølka. 

Resten av chai- kryddermiks oppbevarer du lufttett til neste fine augneblink!