Bringebærdraum

Mmm, bringebær er av mine favorittbær! Når eg lukkar auga mine kan eg drøyme meg tilbake til barndomen, med gode minner frå då eg var liten og gjekk med lita bøtte i handa og plukka søte og friske bringebær frå buskene i hagen til mormor og morfar. Ein eller fleire gonger i veka brukar eg bæra som ingrediens i ein smoothie som denne. Med følgande ingrediensar får du ein smoothie med kremete konsistens. Server i eit fint glas og nyt med skei. Nyt smaken av bringebær, du også!


Server i eit fint glas og nyt med skei.


Ingrediensar:

  • 2 dl frosne bringebær
  • 2 dl kulturmjølk

  • 1/2 liten banan

  • 1 raus ss avokado

  • 10 mandlar

  • 1 ss extra virgin olivenolje


Framgongsmåte:

  1. Ha alle ingrediensar i ein blender og la blenderen jobbe til du får ei jamn, fin blanding. 
  2. Hell over i eit glas. Eg brukar slikkepott for å få med meg absolutt alt. Her skal ingenting gå til spille!